Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Steinsland

Galeasen Loyal

  • Forlandsvåg, Sund
  • +47 56337909
  •  /  km From You
Overview

Bli med attende til seglskutetida og opplev korleis det var å ferdast på havet med rein vindkraft. ”Loyal” av Sotra er den eldste galeasen i verda som seglar framleis. Vil du bort frå motordur og moderne stresstilvære, kan du sitja på luka og dingla med beina, venta at vinden skal ruska i segla og gi deg det stille suset av båtbaug som pløyer seg gjennom havspeglet.

Verdas eldste seglande galeas
Galeasen Loyal vart bygd I Rosendal i 1877. Det er ei to-masta kravellbygd seglskute på 85 fot, og i motsetning til ei galeasrigga jakt, er skuta ein ekte galeas, sannsynligvis den eldste i verda som framleis seglar. Allereie då ho blei sjøsett, gjekk det gjetord om denne flotte skuta, og mellom sjøfolk fekk ho fort kjælenamnet “Kvitegaleasen". 

Du treng ikkje vera gamal sjøulk for å kunna fryda deg over synet av det vakre skroget og dei smekre linene på “Loyal”. Galeasen er fullt restaurert og er ein spektakulær båt for lystturar, representasjon, teambygging, firmaarrangement, utflukter eller tokt over fleire dagar. Lista over planlagde seglasar finn du på nett-sidene våre. Det er berre å ta kontakt og melda seg på. Du kan vera trygg på at det blir eit sjeldant og varig minne.



FASILITETAR
På dagsseglas har Loyal plass til 60
 passasjerar. Overnatting for 18 personar.
Skuta har både øl- og vinrettigheiter. God passasjerkomfort, 5 dobbeltlugarar. 
Salong under dekk med servering og plass til inntil 50 personar. Ekstra god plass på utedekket

 med uteservering om sommaren. Galeasen “Loyal” kan leigast for dagsturar, på timebasis eller for opplevingsseglas over fleire dager. Vi kan laga opplegg med foredrag, kurs og underhaldning som passar for kundeturar, incentivturar, presentasjonar, møteverksemd, hyggetur, segltrening, venneturar, eventyrlege bryllaup og bryllaupsreiser.


PRIS
Ta kontakt for skreddarsydde opplegg og pristilbod.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Sund, Norway
The latitude and longitude
60° 11' 3" N / 5° 6' 44" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad