Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
TYSNES

Galleri Elisabeth G

Populært sommargalleri sentralt på kaien i Våge. Kvalitet og mangfald er stikkord for salsutstillingane.

Gjennom tidlegare erfaring med kunstformidling frå to kunstbokforlag, studium i kunsthistorie og 25 års erfaring med kunstformidling gjennom eige galleri og verksemd, er Elisabeth Godøy ein dedikert kunstformidlar som har bygd opp eit omfattande nettverk blant norske samtidskunstnarar.


Galleristen har eit godt renommé blant både kunstnarar og kundar, og har vore aktiv på bedriftkunstmarknaden i heile 40 år. I 1999 opna ho si første sommarutstilling på Tysnes. Dei første åra blei berre ein liten del av lokala nytta til galleri, men etter kvart har fleire og fleire rom blitt tekne i bruk. I dag er galleriet omlag 250 kvm.

Galleri Elisabeth G ligg like ved ferjekaien, båthamna og Mandelhustet i Våge, og er obligatorisk å besøka for alle kunst-interesserte sommar-turistar.

Sommarope 2024

Sommaren 2024 er galleriet ope frå 22. juni til 11. august.

Sjå Galleri Elisabeth G på Facebook eller Instagram for nærmare info og oppdateringar.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Galleri Elisabeth G

Sider du nylig har besøkt