Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Nordfjord Stryn

Gamle Strynefjellsvegen

  • Videseter, stryn
  •  /  km From You
Overview

Nokre gonger er sjølve vegen målet. Slik er det med Gamle Strynefjellsvegen. Turistvegen frå Vestlandet til Austlandet er både målbindande vakker og freda. Vegen er i seg sjølv ein attraksjon og vitnemål om eit mesterstykkje innan ingeniørkunst frå ei svunnen tid.

Det er eit historisk sus over vegen som vart bygd med handmakt på slutten av 1800-talet. Deler av vegen kjører du på gamal grusveg som gir ei kjensle av å reise tilbake i tid. Den gamle vegen byr på store landskapskontrastar; i aust er det runde former prega av istida, mens det i vest er stupbratte fjellsider. Tar du med deg ein kajakk på turen, kan du få padle i turkise fjellvatn. Det er ikkje utan grunn at den gamle turistvegen har imponert reisande i over 100 år.

Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen går mellom Grotli og Videsæter og er 27 km lang (veg 258). Den litle staden Hjelle har og ein viktig rolle for turistvegen då gamlevegen starta ved brygga i Hjelle.

Strekninga er tidvis smal og svingete og har restriksjonar. Køyretøy over 8 meter og med akseltrykk over 8 tonn får ikkje lov til å køyre Gamle Strynefjellsvegen på strekninga Grotli - Sogn og Fjordane grense. I menyen under finn du nokre lenker som vi håper kan vera til hjelp. For ytterligare turistinformasjon ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar.

Vintervarsel: Vegen er åpen - 15.juni 2019. Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen er stengt i vinterhalvåret. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt. Strekninga er normalt stengt i oktober og opnas igjen i juni.

Historie
Da turismen tok til å bli ei viktig næring for fjordbygdene dei siste tiåra av 1800-talet, dukka dei første tankane om ein kjøreveg over Strynefjellet opp. I 1881 vart det derfor vedteke å byggje ein veg, og rallarar frå Sverige og lokale krefter gjekk i gang med det tunge anleggsarbeidet. Vegen stod klar i 1894, og den framstår fremleis ganske urørt. Her finn du gamle handlaga murar, og stabbesteinar som står i lange rekkjer langs vegen. Dette er autovern frå ei tid då hest og kjerre var vanlegare enn bil. Spor av gamle kløvstiar som vart brukt til ferdsel mellom aust og vest, går rett ved sida av vegen. På Gamle Strynefjellsvegen finn du også gamle steinheller som vegfarande brukte til overnatting.

Opplevingar
Når fjellet skifter til haustdrakt er Gamle Strynefjellsvegen verkeleg praktfull. Naturen er alltid like vakker, men haustfargane gir ein heilt anna glød og oppleving. Alle som likar nærleik til friske fossefall må leggje inn tid til å stoppe på utsiktspunkta ved Øvstefossen og Videfossen. Tar du turen på sykkel får du verkeleg igjen for innsatsen på Norges eldste turistveg.

Sykkel
Gamle Strynefjellsvegen er ei relativt kort strekning med oppleving av gammal veghistorie. Det er lettast å starte på Grotli. Den første delen syklar du på grusveg og etter kvart forsvinn bjørkeskogen og fjellandskapet opnar seg. Etter passering av sommarskisenteret får du ei god «utforkøyring» med vidstrakt utsikt mot dalen og fjella rundt og fleire flotte fosseopplevingar. Vel nede ved Strynsvatnet bør du legge inn ein stopp på Hjelle.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages