25
Gamleposten 5444





Gamleposten 5444 på Espevær er ein serveringstad med kortreiste smakar og historier. Lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede.
Gamleposten 5444 – skap magiske augeblikk.
Gamleposten 5444 på Espevær er ein serveringstad med kortreiste smakar og historier. Visjonen er dyrka på lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede. Søskena Silje, Rollaug og Torstein er oppvaksne på Espevær. Dei har alltid vore sterkt knytte til heimplassen sin. Dei starta firmaet Gamleposten5444 hausten 2015, og kjøpte det gamle tunet i Garden i november 2015.
Gamleposten skreddarsyr opplevingane og menyane saman med deg.
Bestilling må gjerast på førehand.
OpningstiderSesongen til Gamleposten er i hovedsak påske og gjennom sommaren, men det er ope restaurant 1 gong pr. månad gjennom heile året.
Elles er det ope for grupper.
OPNINGSTIDER - SOMMARSESONGEN 2025
(VEKE 26-32)
Veke 26: lørdag 28.juni. 3, 5 og 7-retters meny frå kl 17.00 med bordbestilling.
Veke 27:Fredag og lørdag 3, 5 og 7-retter meny frå kl 17.00 med bordbestilling.
Veke 28, 29 og 30:Torsdag, fredag og lørdag: 3, 5 og 7-retter meny frå kl 17.00 med bordbestilling. (Fredag 25.juli/veke 30 festival på øya, meir info kjem av arrangør og Gamleposten 5444).
Veke 31: Fredag og lørdag3, 5 og 7-retter meny frå kl 17.00 med bordbestilling.
Veke 32: Lørdag 9.august 3, 5 og 7-retter meny frå kl 17.00 med bordbestilling.
Båten Venemøy er tilgjengelig for seinare avgangar etter rutetid frå Espevær på forespørsel, eller til andre anløpsstadar Om det er gjester som treng transport, går Venemøy kvar kveld i juli ca. Kl. 23.00.
Har du ei gruppe som treng transport ut til Espevær, kan du kontakte M/S Venemøy, Kystoppleving. Du finn meir informasjon her.
Sjå nærare info om opningstidene med meir på nettsida til Gamleposten 5444.
På Espevær kan du også besøkje hummarparken eller antikkbutikken på Espevær.
Velkommen til Gamleposten 5444!
- Vår
- Sommer
- Lokal mat
Kilde: Region Sunnhordland
Gamleposten 5444