Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Førde

Gangar // Larris Scene

Bestill

Folkrockbandet Gangar er ei kule av ung energi!

Det norske folkrockbandet Gangar kombinerer tradisjonelle norske slåttar med alt frå rockabilly til metall.

Dei tek folkemusikkfesten til eit nytt nivå. Musikarane har bakgrunn frå jazz, pop, funk, pop, blues og soul, og spelar kompromisslaus folkemusikk så du får bakoversveis.

På scena tek Gangar ut alt. Dei er eit utruleg konsertband som har energien på frå første stund, ein energi som svært ofte smittar over på publikum. Med Mattias Thedens, som regel i fyr og flamme, i front, vert publikum leia både gjennom allsong – og improdans, for Gangar har sin heilt eigen dans!

Bli med på ein Larris-kveld for minnebøkene!

Kilde: Visit FjordKysten

0

Gangar // Larris Scene

Bestill

Sider du nylig har besøkt