Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Leikanger

Gardsbesøk Henjatunet

  • Eggjagarden, Leikanger
  • +47 57654014
  •  /  km From You
Overview

Velkommen til Henjatunet - eit av få  klyngjetun som framleis er i drift på Vestlandet. Eggjagarden er ein av dei seks gardane i klyngjetunet. I tillegg til å ta i mot turistgrupper driv familien på garden med sau og frukt. Her tilbyr vi omvising med fokus på korleis tunet vart driven i tidlegare tider og korleis garden vert driven i dag. Vi tek gruppene anten med over historiske gravhaugar eller vandringar i frukthagen med flott utsyn av den majestetiske Sognefjorden. Her formidlar vi  spennande historier frå fortid og notid. Ein smak av lokal cider eller fruktjuice produsert på garden inngår i omvisinga, saman med den klassiske, lokalproduserte vestlandslefsa.


I Eggjastova som er frå 1765, serverer vi alle typar måltid til lukka lag. Vi baserer oss på lokale - og i størst mogeleg grad økologiske - råvarer og tradisjonell bruk av desse i kombinasjon med moderne matkunst. Vi har alle skjenkerettar. Dersom ynskjeleg kan vi skreddarsy arrangement med ulike aktivitetar etter gjestene sine behov.


I fruktsesongen er det mogeleg å kjøpe eple, pærer og plommer i kasser eller i lausvekt. Kom innom for å smake! Vi sel også fruktsaft - enten ferdig pressa eller du kan presse safta sjølv!


Hjarteleg velkomen til Henjatunet som har tatt imot gjester til uforgløymlege opplevingar sidan 1990.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Leikanger, Norway
The latitude and longitude
61° 11' 22" N / 6° 50' 48" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad