Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Norddal

Gardsbesøk på Dalen gard

  • +47 92283477
  •  /  km From You
Overview

Åshild og Jostein har sidan 1983 dreve gard i Dale i Dalsbygda – seterdrift på Herdalssetra, og 1/6 av den store fjellgarden Herdalen har vore i familiens eige sidan 1700-talet. Gamle tradisjonar blir haldne i hevd både på garden og setra med ysting av brun og kvit geitost og produksjon av ekte geitmjølkskarameller.

Åshild og Jostein kan by på ulike tilbod og opplegg:

-”Ei vandring i tid, lukt og smak”, der du får høyre litt av historia til bygda, garden og setra, oppleve ysting og smakebitar av ost og karamell av geitmjølk.

Gardsbesøket avsluttar vi med Kaffi og kaker på Petrines Gjestgiveri – ”årets spisested” 2006!
Opplev mektig sunnmørsnatur med litt lågare puls på Petrines Gjestgiveri i Norddal, med beliggenheit midt i verdsarvområdet.
- Heimekoseleg miljø, personleg service
- Gardsbutikk
- Vertinna fortel om historia bak Gjestgiveriet

Petrines Gjestgiveri var opprinneleg ein aldersheim, men vart i 1992 bygd om til restaurant og gjestgiveri. Her kan du nyte ei nostalgisk atmosfære, og få servert tradisjonelle rettar basert på den lokale matproduksjonen i bygda. Vertinna på huset vil fortelje om historia til gjestgiveriet, og om maten som blir servert. Det er òg mulig å få kjøpe med seg lokale matprodukt heim.

Tidsramme totalt ca. 3 timar Grupper frå 5 - 15 personar. Pris kr. 225,- pr. person for gardsbesøk og kaffi og kaker på Petrines.


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 14' 39" N / 7° 15' 7" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad