Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Norddal

Gardsbesøk på Melchiorgarden

  • Melchiorgarden, Norddal
  • +47 92282477
  •  /  km From You
Overview

Melchiorgarden er ein av tre geitegardar som framleis er i drift i Norddal, og Petter og Torunn gir deg eit innblikk i korleis ein tradisjonell geitegard blir dreven i dag. Det vert laga
fleire tradisjonelle produkt av geitekjøtet. På garden vert det og årleg produsert om lag 9 tonn bringebær. Du får omvisning på garden, og smakebitar av det dei lagar her.

Gardsbesøket avsluttar vi med Kaffi og kaker på Petrines
Gjestgiveri – ”årets spisested” 2006!
Opplev mektig sunnmørsnatur med litt lågare puls på
Petrines Gjestgiveri i Norddal, med beliggenheit midt i
verdsarvområdet.
o Heimekoseleg miljø, personleg service
o Gardsbutikk
o Vertinna fortel om historia bak Gjestgiveriet

Petrines Gjestgiveri var opprinneleg ein aldersheim, men vart
i 1992 bygd om til restaurant og gjestgiveri. Her kan du nyte
ei nostalgisk atmosfære, og få servert tradisjonelle rettar
basert på den lokale matproduksjonen i bygda. Vertinna på
huset vil fortelje om historia til gjestgiveriet, og om maten
som blir servert. Det er òg mulig å få kjøpe med seg lokale
matprodukt heim.

Tidsramme totalt ca. 3 timar
Grupper frå 5 - 15 personar. Pris pr. person for gardsbesøk
og kaffi og kaker på Petrines kr. 225,-


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 15' 6" N / 7° 14' 16" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad