Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Luster

Gardshaugen - Sperlestølen - Vassdalen

  • 57671400
  •  /  km From You
Overview
Details

Frå gamal husmannsplass til støl i høgfjellet. Bratt tur i vakkert beitelandskap der dyra framleis beitar. På vegen passerer ein Sperlestølen, som er er ein vakkert plassert støl der ein ser rett over til mektige Vangsen. Stølen på Vassdalen ligg idyllisk til med mogelegheiter for både fisking og bading. Fin tur for turvande familiar.

Ta av frå vegen (Fv. 604) framover Jostedalen like etter tunnelen i Gardsjølet, litt forbi Fossøy/Sperle. Ved fyrste vegkryss skal du ta til venstre til Gardshaug. Kontakt grunneigar for bilparkering.

Stien oppover er svært godt vedlikehalden og godt merka


Etter kryssing av Liadøla på god bru er det ei lita bratt kneik opp til Sperlestølen. Her er 3 sel. Sau og kyr på beite. Sperlestølen ligg ca. 568 m.o.h. Om ein vel å gjere dette til målet for turen er det ein tur på ca. 2 timar t/r og  ca. 3 km t/r. 

Frå Sperlestølen er stien noko flatare inn mot Vassdalsvatnet, der ein rundar vatnet på søraustsida, før ein er framme på sjølve stølen. Vassdalsvatnet med stølsvollen er ein idyll, der ein kan både fiske og bade, så dette er så avgjort ein stad for heile familien.

Innover Vassdalen er det ein tidvis godt synleg sti, men sjølve dalføret endar i ein botn utan særlege sjansar for vidare avansement. For den som vil og kan gå lengre enn til stølen, kan Liastølsbreakulen vere eit brukbart alternativ, men det krev til gjengjeld høgfjellserfaring.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Planlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Tjenester
  • Valutaveksling

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
4 timer
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad