Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Gardsopphald på Vingarden på Jølst

Bestill
vingarden på jølst
Vingarden på Jølst
Vingarden på Jølst
Vingarden på Jølst
Vingarden på Jølst
Vingarden på Jølst

Nyt eit gardsopphald på Vingarden på Jølst med enkel og rustikk standard. Maks 12 personar fordelt på to soverom og ein sovesal. Delt bad. Frukost er inkludert.

Velkommen til eit gardsopphald på Vingarden på Jølst, ein unik fruktvingard i Jølster. Overnatting er fordelt på to soverom og ein sovesal i andre etasje i huset. Dei nesten hundre år gamle veggane set ei rustikk og lun ramme for eit opphald med utsikt over Jølstravatnet, der ein kan late kvardagsmaset fare.

Standarden er enkel og rustikk. Det er totalt 12 senger tilgjengeleg, fordelt på to soverom og ein sovesal i andre etasje av huset på garden. Det er eit delt bad med toalett og dusj i første etasje, som også er ope for andre besøkande under ordinære opningstider på Vingarden. Det er ikkje heis i huset.

Sjølvbetent frukost er inkludert

Gje beskjed i forkant om allergiar eller andre preferansar som må takast omsyn til. Andre måltid kan bestillast på førespurnad, men kan berre garanterast når dette er avklara på førehand.

Vingarden på Jølst

Camilla, verten på Vingarden, er gründer av Vestavin og kjøpte denne garden i 2021 for å gjere den om til fruktvingard for Vestavin. Det er eit pågåande og kontinuerleg arbeid. I løpet av sommarmånadane er det stadig noko som må gjerast ute for å sørge for at alt som skal vekse og trivast gjer akkurat det.

Under opphaldet kan du velje å ta del i arbeidet på garden, som vil variere med dag, vêr og sesong, eller du kan velje å gå dine eigne vegar og oppleve alt det Jølster og nærområdet har å by på.

Opningstider på Vingarden på Jølst

Vingarden på Jølst er også open for andre besøkande. Gjennom heile året held utsalet ope torsdag ettermiddagar, og grupper kan bestille vinsmakingar og andre opplevingar på Vingarden. I juli og august er det ope kl 13-17 frå onsdag til laurdag med faste omvisingar og vinsmakingar kl 14-1530. Utanom desse opningstidene, får du stort sett ha Vingarden for deg sjølv.

Fasilitetar for overnatting

Alle soverom er i andre etasje

Soverom ein "Sørvest": Ei dobbeltseng, ein divan og ein sovesofa

Soverom to, "Arka": To enkeltsenger

Sovesal "Vevstova": Seks enkeltsenger

Sjølvbetent frukost inkludert

Sengetøy og handklede og andre basisartiklar inkludert

Kjøkken og stove i første etasje.

Delt bad med toalett og dusj i første etasje.

Det er ikkje heis i huset.

Det er ikkje wifi i huset.

Innsjekk etter kl 15

Utsjekk før kl 12

Gardsopphald er tilgjengeleg frå 1. april til 30. oktober.

Minstepris opp til 4 personar kr 3650 per natt

Kr 740 per person per natt for 5-12 personar

Rabatt tilgjengeleg etter avtale for opphald lenger enn 7 netter.

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Gardsopphald på Vingarden på Jølst

Bestill

Sider du nylig har besøkt