Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Gardsutsal på Vingarden på Jølst

Bestill
Vingarden på Jølst
Vingarden på Jølst
Vingarden på jølst
Vingarden på Jølst

Gardsutsal med fruktvinar frå Vestavin, alkoholfrie drikkar frå Vesle Lerka og andre lokale varer. Ope kvar torsdag 16-18. Utvida i sommarsesong og arrangement.

Gardsutsalet på Vingarden på Jølst fører ei rekke ulike varer, både frå eigen produksjon og frå andre lokale produsentar i nærområdet. Det er mogleg å kjøpe fruktvinar frå Vestavin med eigenproduserte råvarer, produsert på garden. Eigenprodusert alkoholfri drikke under varemerket Vesle Lerka er også å finne i utsalet. Utvalet av fruktvinar og alkoholfrie drikkar vil variere gjennom året og produksjonssesongane.

I tillegg til eigenproduserte varer, er det råd å kjøpe andre lokale varer. Innanfor eit par timars reiseveg frå Vingarden på Jølst finst det eit stort spenn av produsentar som foredlar lokale råvarer med både tradisjon og innovasjon. Vareutvalet vil variere gjennom året.

Faste opningstider i utsalet gjennom heile året

Faste opningstider i utsalet gjennom heile året er torsdag kl 16-18. Utsalet held også ope gjennom Vingarden sine opningstider i sommarsesongen og ved arrangement.

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Gardsutsal på Vingarden på Jølst

Bestill

Sider du nylig har besøkt