Vassenden

Gardsutsal på Vingarden på Jølst

Bestill
  • Vestavin
  • vingarden på jølst
  • Vestavin
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 47288004

  • Jølstravegen 2380

    Sunnfjord, Vestland

    Vis i kart

Gardsutsal med produkt frå Vestavin og andre lokale varer. Ope kvar torsdag 16-18. Utvida i sommarsesong og arrangement.

Gardsutsalet på Vingarden på Jølst fører ei rekke ulike varer, både frå eigen produksjon og frå andre lokale produsentar i nærområdet. Det er mogleg å kjøpe produkt frå Vestavin med eigenproduserte råvarer, produsert på garden. Eigenprodusert alkoholfri drikke under varemerket Vesle Lerka er også å finne i utsalet. Utvalet vil variere gjennom året og produksjonssesongane.

I tillegg til eigenproduserte varer, er det råd å kjøpe andre lokale varer. Innanfor eit par timars reiseveg frå Vingarden på Jølst finst det eit stort spenn av produsentar som foredlar lokale råvarer med både tradisjon og innovasjon. Vareutvalet vil variere gjennom året.

Faste opningstider i utsalet gjennom heile året

Faste opningstider i utsalet gjennom heile året er torsdag kl 16-18. Utsalet held også ope gjennom Vingarden sine opningstider i sommarsesongen og ved arrangement.

    Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord