Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Midt-Telemark

Gavlesjåstulen på Lifjell

Gavlesjåstulen er ein av dei eldste stulane på Lifjell som fortsatt er i drift. Sal av rjomegraut,mjølk, fløte og rømme .


Gavlesjåstulen har vore i drift i mange generasjoner. På det meste hadde dei 30 mjølkekyr i tillegg kjem kviger og kalvar. Frå omkring år 1800 har Gavlesjå hørt til garden Sulia i Heddal. Dei siste åra har det vore 6-7 mjølkekyr og nokre ungdyr.

Segna fortell at presten hr. Svein busett seg på Gavlesjå under svartedauen som herja på slutten av 1300 talet. Oppe i Blåur laga han seg urtehage, det finnes i dag urter og planter som ikkje er vanleg i område der. Oppe i lia mot Slettefjell er der en steinrøys som han skal vere gravlagt i som heiter Svein røys.

På stulen lagar me forskjellige produkt av mjølka.
Me yster ost, kokar prim, kinnar smør og kokar rømmegraut for dei som ønsker det. Du kan også få kjøpt med deg mjølk, fløte og rømme.

Etter ein travel dag på stulen kan du avslutte dagen med eit forfriskende bad i Gavlesjåvatnet.

VEGFORKLARING:

Frå Notodden - kjøyr E134, ta av med Melås bru, følg skilt til Gavlesjå. Kjør forbi Åse og videre til Myregvarv. NB! Kr.50,- i bomavgift. Velg mellom 2 parkeringar. Følg dei merka løypene. Du kan velge mellom 2 stiar. Til venstre over Stemningshauane til Gavlesjå, ca.1 time å gå. Gjeng du rett fram, som er den lettaste stien å gå, brukar du ca.30-40 min.

Frå Bø - kjøyr forbi Bø Sommarland, ta av til Årmotdalen og køyr til Grønbyjel (stengt bom). Følg vegen fram til Gavlesjå vatnet, følg så stien langs vatnet til stulen. Ca. 1 time å gå.

Last updated: 01/02/2024

Source: Visit Bø

Gavlesjåstulen på Lifjell

Sider du nylig har besøkt