Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Geiranger

Geiranger kyrkje

  • +47 70260333
  •  /  km From You
Overview

Geiranger kyrkje er ei åttekanta kyrkje bygd i 1842 i tømmer med 120 sitjeplassar. Arkitekt var Hans Klipe.

Ein reknar med at det har vore kyrkje i Geiranger frå kring 1450. Ho er første gong nemnt i Tjondhjems Reformats frå 1589. Kyrkja var ikkje ei rein stavkyrkje, påbygd kor og våpenhus var i tømmer. Ho vart riven i 1742, og ny krosskyrkje vart bygd i 1744. Krosskyrkja var rosemåla innvendes. I 1841 vart kyrkja påtend og brann ned til grunnen. Noverande kyrkje er den tredje vi veit om på same staden. Kyrkja er utsmykka av treskjerar Einar Flydal etter framlegg frå kunstnaren Per Vigeland. Arbeidet vart gjort i tida 1938-1945. Utsmykkinga omfatta altartavle, antemensale, preikestol, korgitter og nummertavle. Treskurden vart måla av Lars Tynes, Sykkylven, Karl Gjere og Nils Bjørdal, begge frå Geiranger. Altarbiletet er måla av konservator Harald Brun ved Nasjonalgalleriet i 1902 med motivet Kristus, trøystaren. Kyrkjeklokka er frå 1899. Orgel kom på plass i 1906, men vart utskifta i 1964.
(Kjelde: Ørstavik, Ragnar: Geiranger kyrkje. 1973, Kulturnett).


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS
Click to activate
Stranda, Norway
The latitude and longitude
62° 5' 55" N / 7° 12' 25" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad