Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Geiranger

Geiranger Mountain Highlight Bus - Dalsnibba

Bestill

Opplev Dalsnibba 1500 moh. på denne bussturen, som tar deg opp til utsiktspunktet Geiranger Skywalk og den spektakulære utsikta over Geirangerfjorden.

Bussturen tar deg gjennom ei rekke hårnålssvingar opp til «toppen av Geiranger», Dalsnibba 1500 moh. Undervegs stoppar den ved Flydalsjuvet, som eit ekstra fotostopp.

Det nye platået på Dalsnibba blei offisielt opna i august 2016 og fekk namnet Geiranger Skywalk. Underlaget på Dalsnibba har rister og eit rekkverk av glas. Dette gjer at du kan sjå rett ned til Geiranger sentrum, Geirangerfjorden og ut mot fjella og Blåbreen. Med eit fritt fall på omkring 500 meter får du følelsen av å sveve over Geiranger, sjølv om du naturlegvis står heilt trygt.

Trekk inn den friske fjellufta og nyt utsikta over verdsarvområdet og Geirangerfjorden – god tur!

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Geiranger Mountain Highlight Bus - Dalsnibba

Bestill

Sider du nylig har besøkt