Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Geiranger Skycafé

Kafé ved utkikkspunktet Geiranger Skywalk Dalsnibba 1500 meter over havet. Fantastisk utsikt til Geirangerfjorden og fjella rundt.

På Geiranger Skycafé får du kjøpt varme og kalde drikker, påsmurde sandwichar, vaflar, sveler, kaker og anna bakverk. Utvalet kan variere etter sesongen. Sitteplassar til 40 personar.

Geiranger Skywalk Dalsnibba er Europas høgste fjordutsikt frå bilveg og er open frå midten av mai til slutten av september.

Om lokalet

Geiranger Skycafé er universelt utforma og tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne.

Selskap eller arrangement

Geiranger Skycafé har også selskapslokale som du kan leige til grupper eller andre selskap.



Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Geiranger Skycafé

Sider du nylig har besøkt