Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Brandal

Geirangerfjorden med Polarstar 17. juni

Bestill

Bli med å utforsk fagre Geirangerfjorden med den unike polarhistoriske skuta Polarstar.

Dei unike naturomgjevnadane i Geirangerfjorden vart skapte gjennom ei rekkje istider, då isbreane skar ut djupe fjordar mellom dei høge fjell. Denne naturlege skjønnheit har gjort at området stadig figurerer på lister over dei mest spektakulære stadane i verda. Dei imponerande fossefall, som for eksempel dei berømte fossane Dei sju søstrer, Friaren og Brudesløret, stuper ned i fjorden. Dette er noko av grunnen til at Geirangerfjorden står på UNESCOs prestisjefulle verdsarvliste – og fleire andre lister over dei fagraste stadane i verda. På tur med Polarstar har vi god tid til å utforske den ville naturen frå start til slutt. Her er det så mykje å oppleve! Polarstar – Ishavets Grand Old Lady er ei oppleving i seg sjølv, og på turen kan du lære meir om all den spanande polarhistorie skuta har vore med på. Det er seglasen i fjorden som er opplevinga på denne turen, og skuta går ikkje til kai nokon stad. Avgang frå Ishavsmuseet på Brandal laurdag 17. juni kl. 10.00, med retur på Brandal ca. kl. 23.00. Inkludert i prisen er båttur, servering av lunsj og middag om bord, og kaffi gjennom heile seglasen. Og ikkje minst storslått natur og fellesskap.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Geirangerfjorden med Polarstar 17. juni

Bestill

Sider du nylig har besøkt