Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Geiranger

Geirangerfjorden

  • +47 70263800
  •  /  km From You
Overview
Details

Forma som ein S har naturen sjølv gjeve forbokstaven for suplerativa som passer for Geirangerfjorden. Suveren, super eller også ”Perla blant norske fjordar” er uttrykk som ofte blir brukt om denne vel 20 km lange fjordarma mellom Hellesylt og Geiranger, som også er med på UNESCO si verdsarvliste.

Du skal vere godt vant om du ikkje let deg imponere over naturen sitt fantastiske skaparverk her, dramatisert av menneska sin vilje til å klore seg fast for levebrødet i steile fjellsider.

Over alt sender imponerande fossar kaskadar av buldrande vatn utfor stupbratte fjellsider, eller kjælar med fjellveggen i tynne, florlette dusjar som skaper vakre regnbogar på kryss og tvers.

Her finn du dei berømte fossefalla Dei sju systre, Friaren og Brudesløret. Og på hyller oppe i dei stupbratte fjellsidene, eller nesten heilt ned ved fjorden vil du kunne sjå dei fråflytte fjell- og fjordgardane. Dei krydrar opplevinga og vitnar om ei tid som var. Ei tid som er vanskeleg å skjøne i dag.

Her vil du mellom anna kunne sjå gardane Skageflå, Knivsflå, Blomberg, Matvik og Syltevik.

Geirangerfjorden er på det djupaste nær 260 meter, medan fjella rundt strekkjer seg opp mot 1.600-1.700 meter over havet.


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Stranda, Norway
The latitude and longitude
62° 6' 12" N / 7° 5' 57" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad