Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
GEIRANGER

Geirangerfjorden

Geirangerfjorden
Geirangerfjorden
Geirangerfjorden
Geirangerfjorden

Forma som ein S har naturen sjølv gjeve forbokstaven for suplerativa som passer for Geirangerfjorden. Suveren, super eller også "Perla blant norske fjordar" er uttrykk som ofte blir brukt om denne vel 20 km lange fjordarma mellom Hellesylt og Geiranger, som også er med på UNESCO si verdsarvliste.

Du skal vere godt vant om du ikkje let deg imponere over naturen sitt fantastiske skaparverk her, dramatisert av menneska sin vilje til å klore seg fast for levebrødet i steile fjellsider.

Over alt sender imponerande fossar kaskadar av buldrande vatn utfor stupbratte fjellsider, eller kjælar med fjellveggen i tynne, florlette dusjar som skaper vakre regnbogar på kryss og tvers. Her finn du dei berømte fossefalla Dei sju systre, Friaren og Brudesløret.

Og på hyller oppe i dei stupbratte fjellsidene, eller nesten heilt ned ved fjorden vil du kunne sjå dei fråflytte fjell- og fjordgardane. Dei krydrar opplevinga og vitnar om ei tid som var. Ei tid som er vanskeleg å skjøne i dag. Her vil du mellom anna kunne sjå gardane Skageflå, Knivsflå, Blomberg, Matvik og Syltevik. Geirangerfjorden er på det djupaste nær 260 meter, medan fjella rundt strekkjer seg opp mot 1.600-1.700 meter over havet.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Geirangerfjorden

Sider du nylig har besøkt