Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Hardangervidda Hol

Geiterygghytta

  • Geiteryggvegen 2, Hol
  • +47 90601453
  •  /  km From You
Overview

Perla i Skarvheimen

Den sjarmerande Geiterygghytta, 1224 moh, ligg der aust møter vest. Hytta er hjarta i Skarvheimen, fjellområdet mellom Hardangervidda og Jotunheimen. Geiterygghytta opna i 1914, og er eit viktig knutepunkt for rutene frå Aurland, Hol og Finse. Naturen er storslått, vill og vakker. Den Norske Turistforening (DNT) har eit veldig godt utbygd rutenett i området. Like utanfor hyttedøra finn du milevis med kvista løyper og rikeleg med snø.

Turar rundt Geiterygghytta

Med Geiterygghytta som utgangspunkt kan du velge og vrake i turmål, og hytta er utgangspunkt for å gå klassikaren Aurlandsdalen, og innfallsport til Hallingskarvet nasjonalpark. Kanskje får du besøk av fjellrein og villrev på turen. Hytta er lett tilgjengeleg for små og store, med berre 3 km spaserstur langs fjellvegen frå fylkesveg 50.

Mat og servering

På Geiterygghytta serverer vi fjellkost som gir god sømn og energi til lange dagsmarsjar. Vi er stolte over å tilby kjøt og fisk som enten er skote eller fiska av vertskapet sjølve eller handla lokalt. Frukt og bær haustar vi i fjellet i Hallingdal eller i frodige sognebygder. Av dette lagar vi smakfullt syltetøy som du får servert på frukostbordet, og freistande dessertar.

Opningstider

Hytta er vinteropen frå mars til starten av mai. Sommarsesong frå midtsommar til sluttenavseptember.

Fasilitetar

88 senger fordelt på 2- og 4 sengsrom, og koselege 4-sengsalkover. Straum, dusj og wc inne, eigne rom for hundar. Spisesal, peisestove og bibliotek. Vedfyrt badestamp. Eige ølbryggeri.

 

Geiteryggen turisthytte DNT er eigd av DNT Oslo og omegn.

www.geiterygghytta.dnt.no
 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages