Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Flåm

Geiteseter vandretur med Basic Fjord Safari

  • Postboks 68, Aurland
  • +47 57633323
  •  /  km From You
Overview
Details

SKJERDAL - LEIM


Skjerdal – eit stølseventyr
Turen startar med Basic FjordSafari, som går inn i hjarta av Nærøyfjorden med den storslegne Sagfossen. Me vender attende på andre sida av fjorden. I Aurlandsfjorden legg me til brygga i Skjerdal. Der startar fotturen opp til geitestølen Leim.
Frå brygga går stien opp til bilvegen/gamlevegen som me føljer med flott utsyn over fjorden opp til Skjerdal gardstun. Vidare er det gardsveg opp til målet, stølen Leim. Det er flotte fossefall å beundra undervegs.
På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast lunsj ute på terrassen med ostesmaking til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me tek turen ned igjen til brygga. Der ein vert me henta med Fjord Safari båt (evt. minibuss) tilbake til Flåm.
Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Krevst ingen forkunnskapar av deltakarane, men bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Passar for dei som ynskjer ein aktiv tur og ei anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360meter høgde.
Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med om det er varmt.

09:15: Avreise Flåm med Basic FjordSafari til Sagfossen
10:30: Ankomst brygga i Skjerdal
11:30/12:00: Ankomst stølen på Leim
13:45: Avreise frå stølen på Leim
14:50: Ankomst Flåm med minibuss/båt


PRIS: Vaksne 1190,- NOK, 
Barn (4-14) 690,-NOK


Avgang 1 juli til 31 august


Minimum 2 personar


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Landskap
  • Fjordområde

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Guidede turer
  • Guiding
  • Seiling
Fottur
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Aurland, Norway
The latitude and longitude
60° 51' 46" N / 7° 6' 56" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad