Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Rosendal

Geologisk vandretur i Bondhusdalen..

Velkommen til Geovandring med stipendiat Johannes Hardeng (Universitet i Bergen).

Vi startar frå parkeringa i Bondhusdalen kl. 10.45 og ruslar roleg inn til Bondhusvatnet. Undervegs kan vi forventa å læra om ulike landformar danna på slutten av siste istid, og om korleis ulike skredprosessar endrar landskapet over tid. Ved Bondhusvatnet får vi høyre korleis vatnet blei demma opp og korleis sedimentprøvar kan fortelja oss om brevariasjonar på Folgefonna. Turen varar om lag 3 – 4 timar så det kan vera lurt å ta med ei lita matpakke. For påmelding send SMS til Sara på tlf. 936 32 292. Det kostar 100,- å delta og betaling skjer med kortterminal på parkeringa før avgang. Hugs at parkeringsavgift (100,-) kjem i tillegg. Køyr gjerne saman med nokon andre eller ta lokalbuss. Bussavgang frå Rosendal kai kl. 09.55 – ankomst i Sundal kl. 10.35. Retur med buss frå Sundal kl. 15.55 – ankomst Rosendal kl. 16.32.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Geologisk vandretur i Bondhusdalen..

Sider du nylig har besøkt