Uggdal
Gjøvågsvarden
Gjøvågsvarden Stad: Gjøvåg Start : Gjøvågskrysset Parkering: Langs fylkesvei 83 Merking: Info tavle ved parkering, skilta og merka etter nasjonal standard Høgdeskilnad: 30-306 moh Tid: 4 km tur retur Ca. 1 1/2 time Gradering: Middel, blå Gode råd: Nokre våte parti - bruk høvelege sko. Turomtale: Stigen startar ca 50m før krysset mellom Gjøvåg/Kaldafoss. Første del av turen går på ein gamal veg frå slutten av 1800 - talet. Der denne gamle vegtraseèn kryssar ei lita elv, er det ei gamal bru laga av berre store steinheller. Rett etter denne brua svinger stigen opp mot høgre, og ein kjem raskt oppover til Åsen, som ligg på ca 200 moh. Alt no har ein god utsikt mot vest og nord og over nesten heile Gjøvåg. Frå Åsen flatar stigen noko ut og på toppen ligg Gjøvågsvarden, 306 moh. Her er ein postkasse med vardebok til å skrive seg inn i. Når sikten er god, ser ein heilt til havs og i alle retningar blant anna til Sotra, alle byfjella rundt Bergen, mot Kvamskogen, Folgefonna, Tysnessåta, Stord/Fitjarfjella og nesten heile Austevoll med alle sine øyer. Frå Gjøvågsvarden er det mogeleg å gå vidare til Dalstuva og eventuelt følgje stigen ned til Åse.
Gjøvågsvarden
Stad: Gjøvåg
Start : Gjøvågskrysset
Parkering: Langs fylkesvei 83
Merking: Info tavle ved parkering, skilta og merka etter nasjonal standard
Høgdeskilnad: 30-306 moh
Tid: 4 km tur retur Ca. 1 1/2 time
Gradering: Middel, blå
Gode råd: Nokre våte parti - bruk høvelege sko.
Turomtale:
Stigen startar ca 50m før krysset mellom
Gjøvåg/Kaldafoss. Første del av turen går på ein gamal
veg frå slutten av 1800 - talet. Der denne gamle vegtraseèn
kryssar ei lita elv, er det ei gamal bru laga av
berre store steinheller. Rett etter denne brua svinger
stigen opp mot høgre, og ein kjem raskt oppover til
Åsen, som ligg på ca 200 moh.
Alt no har ein god utsikt mot vest og nord og over
nesten heile Gjøvåg. Frå Åsen flatar stigen noko ut og
på toppen ligg Gjøvågsvarden, 306 moh. Her er ein
postkasse med vardebok til å skrive seg inn i. Når
sikten er god, ser ein heilt til havs og i alle retningar
blant anna til Sotra, alle byfjella rundt Bergen, mot
Kvamskogen, Folgefonna, Tysnessåta, Stord/Fitjarfjella
og nesten heile Austevoll med alle sine øyer.
Frå Gjøvågsvarden er det mogeleg å gå vidare til
Dalstuva og eventuelt følgje stigen ned til Åse.
Last updated: 09/11/2023
Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Gjøvågsvarden