Skjåk

Gjeilo camping

Bestill
  • Send oss en epost

  • +47 90942020

  • Skjåkvegen 199

    Skjåk, Innlandet

    Vis i kart

Gjeilo Camping ligg 7,5 km frå Lom sentrum i retning mot Stryn. Dette er ein stille og roleg familiecamping som ligg idyllisk til ved elvebredden - med eiga sandstrand! God plass til både telt, bubilar og campingvognar.

Gjeilo camping er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, samt dagsturar til Vestlandet. Campingplassen ligg rett ved Ottaelva med ei fin sandstrand. Det er mogleg å både bade og fiske i elva. Campingplassen har dessutan kano og kajakkar for utleige, og leikeplass for barn. Her finn du 10 hytter tilknytt sanitærbygg, og god plass til både telt, bubilar og campingvognar - og trær som passar perfekt for hengekøye! Gammelstugu er eit lite hus til utleige, som ligg 200 meter frå campingplassen. Gammelstuggu har 2 soverom, stove/kjøken og bad. Campingplassen har elles sanitæranlegg utstyrt med kjøken, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel samt dusj/garderobe.

Kilde: Visit Jotunheimen AS