Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Gjendebu turisthytte DNT

Book

Gjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Gjendebu Turisthytte DNT er ei perle av ei turisthytte som ligg flott til i den innarste enden av Gjende i Jotunheimen- krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visste du at Gjendebu er over 150 år gamal, og den eldste turisthytta i DNT som er i drift? Hytta frå 1871 har vore utvida og ombygd mange gonger, og den har i dag moderne fasilitetar. Området kring Gjendebu inneheld eit vell av fiskevatn, brear og tindar.

Om sommaren kan du vandre langs merka løyper mellom andre hytter, gå toppturar med rå utsikt, eller bade og kose deg kring hytteveggen. Dagsturar til 2000-metarar er det mange av, men den enklaste er Svartdalspiggen. Knutsholstind og Semmeltind er også greie dagsturar som ikkje krev klatring, men likevel kan gje luftige opplevingar. Dessutan er turen mellom Gjendebu og Memurubu - via Bukkelægret - ein spektakulær vandretur.

Sjå turtips her!

Rett utanfor døra på Gjendebu ventar milevis med merka løyper og spektakulære 2000-meterstoppar med fantastisk utsikt. Om vinteren kan du kome deg inn hit på ski - og oppleve Gjendealpane på topptur, eller vandre frå hytte til hytte langs merka løyper på fjellski.

Sjekk vinterprogrammet her!

Når du overnattar på Gjendebu kan du bu på enkelt-, dobbelt,- eller familierom, i sovesal, lavvo, i sommarfjøset eller i telt.
Bestill overnatting her!

Hytta serverer lokal mat basert på lokale råvarer, lokale mattradisjoner eller mat levert frå lokale leverandørar.
Frokost blir servert frå kl.07:30 til kl.09.30. Middag blir servert to gonger: Fyrste bordsetting er kl 18:30 og andre bordsetning kl 20.30.

Korleis kjem du deg til Gjendebu?
Det er ikkje bilveg til Gjendebu, så hit kjem du deg anten til fots, med båt (om sommaren) eller på ski om vinteren (ca. 20km. over Gjende frå Gjendesheim Turisthytte DNT).

Sommar: Om du ynskjer å starte eller avslutte turen på Gjendebu, kan du om sommaren ta Gjendebåten over Gjende frå/til Gjendesheim. (Hugs å bestille billett på førehand!) Derfra går det bussar til/frå Oslo, Fagernes, Gol og Otta. Desse korresponderer med tog og andre bussar. Det er òg mogleg å gå til Gjendebu langs vatnet Gjende, og evt. legge inn ei overnatting på Memurubu på vegen, innan du går via Bukkelægret til Gjendebu.

Vinter: Om vinteren kan du anten gå på ski eller bestille transport med snøskuter (som buande gjest).

Skitur over Gjende
Parkering ved Gjendesheim. Følg kvista løype over Gjende, ca 20 km. Dette er ein lettgått tur som går over Gjende langs merka løype.
Sjå ruta på ut.no

Snøskutertransport
Om du er buande gjest på Gjendebu, er det om vinteren mogleg å bestille transport med snøskuter på faste dagar.

Les meir om adkomst Gjendebu her!


Last updated: 01/22/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Gjendebu turisthytte DNT

Book

Sider du nylig har besøkt