Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vågå

Gjendesheim turisthytte DNT

Bestill
Gjendesheim_kjellerikreinhardtsen (3)
IMG_6343_Beseggen vinter 26.02.2020_Mari Wedum (2 – Kopi-4
Gjendesheim_tur_Kjell Erik Reinhardtsen (7)
Gjendesheim_kjellerikreinhardtsen (1)
Gjendesheim_kjellerikreinhardtsen (10)
Gjendesheim inne_Kjell Erik Reinhardtsen (2) Produktbilete 650x380
Sommeråpning_i_fjellet_foto_MariusDalsegSaetre20
2019_09_ 16_Besseggen (5)_Mari Wedum
Jotunheimen på tvers_foto Sindre Thoresen Lønnes DNT_29
Besseggen Mari Wedum
4B2A8760-600x400

Gjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

Opplev Gjendesheim turisthytte, som ligg nydeleg til ved ein av dei viktigaste innfallsportane til Jotunheimen, under Besseggen ved Gjende.

Gjendesheim ligg aust i Jotunheimen, ved vatnet Gjende, omtrent 2 km. frå Maurvangen ved Fv51. Hytta er det mest kjende startpunktet for turar over Besseggen, og har vore turisthytte for Den Norske Turistforening sidan 1878.

Rett utanfor dørstokken på Gjendesheim ventar milevis med merka løyper og spektakulære 2000-meterstoppar med fantastisk utsikt. På hytta kan du glede deg til nydeleg lokalmat, vedfyrt badestamp og pizzaovn. Turisthytta ved Gjende har ei moderne peisestue med utsyn inn mot hjarta av Jotunheimen. Det er bilveg heilt fram til hytta heile vinteren.

Når du overnattar på Gjendesheim kan du bu på enkelt-, dobbelt,- eller familierom.

Gjendesheim er ein del av Høgruta i Jotunheimen og anten kan du bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar eller kva med å gå turen over Besseggen på ski?

Sjå webkamera frå Gjendesheim her!

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Gjendesheim turisthytte DNT

Bestill

Sider du nylig har besøkt