Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Gjendesheim Turisthytte

  • Gjendevegen 200, Tessanden
  • +47 61238910
  •  /  km From You
Overview
Details

Gjendesheim Turisthytte ligger ved foten av Besseggen, og er nærmeste nabo til båten på Gjende. Hytta er eid av Den Norske Turistforening.

"Egentleg var planen å bygge Gjendesheim ved Leirungen, lenger opp mot Valdresflya. Men det gjekk ikkje i orden med tomt her, og ein måtta da nøye seg med plasseringa Gjendesheim har i dag. Akkurat det er det vel ingen som er lei seg for i dag!

Fra ""Meddelelser til medlemmene"" i Den Norske Turistforening heiter det: ""Den nye hytte ved Gjende blev ferdig sommeren 1878 og samme år besøkt av 125 turister. Den 4. mars 1879 fikk den navnet Gjendesheim.""

Sidan har mykje endra seg; talet på gjestar har auka og Gjendesheim har vorte større.
Men Gjendesheim har alltid vore ein stad for fotturistar som søkjer det enkle friluftsliv i norske fjell. Og fjella er dei same.


Årstal:
1868: DNT vart stifta
1873: DNT si første varderute vart merka frå Memurudalen til Bessvatnet
1878: ""Aktiestationen Gjendesheim"" vart opna. For å få råd til å bygge Gjendesheim vart det etablert eit aksjeselskap og interesserte kunne teikne aksjar til 5 spesiedalar stykket.
1890-åra: Aksjeselskapet vart oppløyst fordi bygginga vart dyr, og alle akjsar vart overført til DNT utan vederlag.
1890: Første utbygging med ny kjøkkenfløy, ombyggjingar og utbetringar i 1898, 1904-05, 1910 - 11, 1916 og 1925.
1937: Ny hovudbygning og oppussing losjihus.
1974: Gjendesheim fekk strøm!
1976: Ny stor ombygging og oppussing.

Etter 1976 er det ikkje oppført nye hus, men det har pågått stadig ombygging, påbygging og oppussing av alle hus.
Gamlebygningen er påbygt i begge retningar, men den eldste delen frå 1878 skjuler seg fortsatt i bygningen. Huset er oppussa, har fått gode tørkerom, dusj og badstue og framstår i dag som eit triveleg hus med mykje sjel i veggane!



Hovudbygningen har fått eit lite, men svært praktisk, tilbygg som inneheld varemottak med heis, betjeningsgarderobe og lager. Bygningen har fått gode ansiktsløft, både i spisesal, stue og soverom. Bjørg Aabø har gjort eit godt arbeid som interiørarkitekt, derfor har huset etterkvart fått eit heilheitleg og harmonisk preg.
Speiderhuset, er innreidd med praktiske sovelemmar, og har plass til 50 personar fordelt på 3 rom.
Bryggerhuset; det gamle vaskeriet er omgjort til ein sovesal med plass til ca 25 stk.
Trostreiret er gjort i stand til ei svært triveleg hytte, inneheld lite opphaldsrom og soverom med plass til 5. Her er strøm og vedfyring, dusj, men dessverre ikkje wc. Huset var opprinneleg bygt som badstue til Vidkun Quisling, men den vart aldri teke i bruk av han. Den Norske Turistforening fekk huset som ei erstatning ved krigsoppgjeret i 1945. Det er ei hytte i tømmer, med svært vakre utskjeringar i inngangspartiet.
Karistugu, vart restaurert og ombygd i 1985, og tener i dag som bestyrarbolig. Hytta er frå tidleg på 1900-talet, og har nok namnet sitt etter Kari Rusnes som var bestyrar frå 1901 til 1920.
Betjeningsbolig vart bygt i 1975 og har fått eit påbygg. Huset har plass til 22 stk.
Andre hus på Gjendesheim i dag er stabbur, skistall (også kalla førarbu), bakeri, pumpehus, potetkjellar og fjøs.

Bestyrere på Gjendesheim:
Anders Rusnes: 1878 - 1901
Kari Rusnes: 1901 - 1920
Ragnhild Repp: 1920 - 1950
Bjørg Hult Nystrøm: 1950 - 1952
Marit og Jens Skogstad: 1952 - 1958
Åslaug og Nils Vole: 1959 - 1974
Sonja og Olav Gaute Vole: 1975 - 1977
Olav Gaute Vole: 1977 - 1980
Bjørg Aaseng Vole og Olav Gaute Vole: 1980 - 2011
Anne Katrin Taagvold og Marius Haugaløkken: 2011 -


  • Last Updated:
  • Source: Nasjonalparkriket Reiseliv AS

Generelt

Landskap
  • Fjellområde
Click to activate
Tessanden, Norway
The latitude and longitude
61° 29' 38" N / 8° 48' 48" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad