Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Glacier Half Day, Austdalsbreen

Bestill
Glacier Half Day, Austdalsbreen
Glacier Half Day, Austdalsbreen
Glacier Half Day, Austdalsbreen
Glacier Half Day, Austdalsbreen
Motorbåt & Brevandring, Austdalsbreen
Motorbåt & Brevandring, Austdalsbreen

ICETROLL tilbyr turar inkludert kryssing av brevatn med motorbåt og brevandring på same turen.

Glacier Half Day - Austdalsbreen

Langt inn i Jostedalen, nærmare bestemt Styggevatnet og Austdalsbreen tek IceTroll deg med på motorbåt tur til breen og guida tur på breen. Denne turen er frå 6 år og oppver og er perfekt for familier og personer som ikkje kan gå så langt. 

Turen er spesielt godt egna for barnefamiliar.

Turen begynner med ein båttur på 25 minutter der de køyre rundt isberg som har falt ned frå breen, og er du heldig får du med deg at breen kalver og vatnet skvulper i båten du sitter i. Båten held god avstand til sjølve breen. 

Etter 25 minutt ankrer guiden opp båten og du går i land der du får instrukser og utstyr på korleis du skal oppføre deg på breen. Austdalsbreen er ein enkel bre og gå på, men for ein opplevelse. 

Å vandre blant dei utallige sprekker over breen og stå på toppen av dette naturlige vidunderet vil fullføre opplevelsen og gi deg minner som varer livet ut.

Oppmøte: Breheimsenteret i Jostedalen. Turane går klokka 10:00 og 14.00 - Møt opp 15. minuttar før

Ta med: Lue, hansker, varme klær, gode sko, solbriller, kamera, mat og drikke

Alder: 6 år+

Tid: 4,5 time

NB: Det er viktig at du kjem med bil til denne turen då det er ikkje mogleg med buss til Styggevatnet. Guidane køyrer sin bil og du køyrer eigen bil. 


Kilde: Visit Sognefjord AS

Glacier Half Day, Austdalsbreen

Bestill

Sider du nylig har besøkt