












DNT-hytta Glitterheim ligg 1400 meters høgde noraust i Jotunheimen ved foten av Norges nest høgaste fjell, Glittertinden. Her ventar familien Vole på deg med gode måltid basert på tradisjonsrik fjellkost og lun hyttestemning.
Glitterheim ligg vakkert til i Veodalen, midt i Jotunheimen nasjonalpark, og er og er omkransa av ei rekkje 2000-meterstoppar. Toppar som Glittertinden, Nautgardstinden, Ryggjehøe og "tretoppsturen" er populære for toppsamlarar. Hytta ligg perfekt til for fine dagsturar i området - alt frå enkle, barnevenlege turar til meir krevjande toppturar. Går du frå hytte- til- hytte i kremen av Jotunheimen, er det naturleg å ta turen innom Glitterheim. Får her går det godt merka stier til andre hytter i området. Turisthytta er ope med full betjening frå medio mars - medio april og medio juni - medio september. Det er ellestilgang på sjølbetjening med DNT-nøkkel. På Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer. Sykle eller gå inn til hytta: Glitterheim ligg i Jotunheimen nasjonalpark, og det er difor ikkje lov å køyre bil inn. Ved nasjonalparkgrensa er vegen stengt med bom. Her er utleige av syklar, slik at du kan parkere gratis og sykle eller gå inn til Glitterheim. Til fots: ca 1,5 time På sykkel: ca 45 min Frå nasjonalparkgrensa til Glitterheim er det 7 km. på kupert grusveg. Om vinteren kan du anten gå på ski, eller bestille transport med scooter eller beltevogn heilt inn til trappa på Glitterheim, som er ei oppleving i seg sjølv! Kjem du med eigen bil, kan du køyre til Veolia i Sjodalen, der det er parkeringsplass. Glitterheim er ei av hyttene du er innom langs Haute Route Norge - Høgruta Jotunheimen, ein 5-dagars skitur i kremen av Jotunheimen. Anten kan du bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar.
Kilde: Visit Jotunheimen AS