Stolmen

Globen på Stolmen

  • Skilt som viser vegen mot Globen.
  • Du går tørrskodd mot Globen!
  • Vegen til Globen buktar seg i flott kystlandskap.
  • Du får sjå konstruksjonen av Globen på nært hald.
  • Monumentet Globen ligg flott til ved havet. Benk står klar for ein liten rast!
  • Det er laga flott veg ut til Globen, som ligg med utsyn mot havet.
  • Vegen til Globen på Stolmen ligg i ope kystlandskap.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 55081000

Ta turen til "Globen" – eit opplyst minnnesmerke og markering av 60 grader nord.

Under andre verdskrig bygde tyskarane eit anlegg for radar og lytting på trafikken på Stolmen. Det ligg restar igjen av anlegget som gjev eit inntrykk av aktivitetane. Anlegget ligg langs Nordsjøløypa.

På tuftene står i dag "Globen" – eit opplyst minnnesmerke og markering av 60 grader nord.

Lengd

Frå vegen er det under ein kilometer å gå - på flott tilrettelagt sti. Her går du tørrskodd.

Parkering

Like ved der stien byrjar - ved liten parkeringsplass.

Gode råd

Ved monumentet står det ein benk - her er det fint å setje seg ned med og ta ein rast!

Kilde: Region Sunnhordland