Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sandane

Gloppen Hotell - ei oppleving for alle sansar

  • Sørstrandsv. 16, Gloppen
  • +47 57865333
  •  /  km From You
Overview
Details

På Gloppen Hotell kjem kokekunst, lokal mat og drikke, service og miljø saman i ei høgare eining og gir ei god matoppleving for kvardag og fest.

Dei som står bak Gloppen Hotell har høge ambisjonar og er stolte og glade når dei ynskjer gjester velkomne til deira historiske Restaurant Stovene. Som gjest skal du kjenne at det er noko heilt spesielt med lokal mat frå Nordfjord. Kjøkkensjef Bodil Fjellestad og direktør Preben Moen frå Gloppen Hotell har fått fleire prisar for lokalmaten. Blant anna er dei tildelt prisen Ganefart, som Norges beste spisested langs veien. Her er maten tilnærma ”ureist” – frå bygda, fersk, rein og utan tilsetningsstoff. Her finn du òg eit eige bryggeri, kanskje Norges minste i omfang, men så visst ikkje når det gjeld smak.

På Gloppen Hotell finn du god stemning og ekte matglede.

 

Gloppen Mat

Gloppen Mat er Gloppen Hotell sitt eige produksjonskjøkken, plassert like bak hotellet. Her mottek vi råvarene frå leverandørar rundt oss, og bearbeidar dei etter tradisjonsrike oppskrifter. Gloppen Mat er leia av kjøkkensjefen vår og eigd av Gloppen Hotell AS. I tillegg til utsal i resepsjonen på Gloppen Hotell, leverer Gloppen Mat til utvalde hotell og lokalmatutsal på Vestlandet. 

Ei reise i lokale smakar

Våre råvarer har ei lokal adresse! Dei er fiska i fjorden, jakta i fjellet eller produsert av våre lokale entusiastar - lokale bønder og produsentar med sans for kvalitet i alle ledd. Vi tar imot heile dyr frå over 16 lokale bønder, fiskarar og jegarar. Så blir desse gode råvarene vidareforedla til ei rekke produkt.

Hjortekarbonader, hjortekaker, hjortemør, kjøttkaker og heimelaga bacon Einerøykt laks, biffar og filetar Salta/røykt svineknoke, stabburstørka pinnekjøtt, julepålegg, lokal svineribbe og dampepølser.

I 2008 vant hotellet regionsprisen i Ganefart, Sogn og Fjordane. I 2010 henta vi heim 1.plassen- Norges beste spisested langs veien.

Med ordet matnytelse meiner vi ikkje berre den gode kokekunsten utan å nemne kombinasjonen mat, drikke, service og miljø. Vi er veldig stolte når vi ynskjer deg velkomen til vår "historiske" restaurant, og vi har høge ambisjonar og kan love deg ei matoppleving både til kvardag og fest. Gloppen Hotell er omtalt i boka "En reise i Norge". Boka omhandlar 44 spise- og overnattingsstader der alle har sitt særskilde preg både når det gjeld bygning, staden og maten. Vi er også omtalt i boka "Tradisjon og atmosfære - en reise til norske trehoteller". Å være omtalt i begge desse praktbøkene er noko vi er stolte av.

MATSTOVA

Vår nye stove av året, bygd i flott sein 1800- talls stil. Dette er hovedstova som vi nyttar til frukost og andre måltid. Nydelig atmosfære med eige mattorg. Plass til 70.

STORSTOVA

Delikatesser frå Gloppen Hotell sitt kjøken vert ofte servert i denne sjarmerande restauranten. Vår kjøkkensjef Bodil Fjellestad serverer kvar dag ein 4 retters meny. Sitteplassar for opptil 40 personar. Ideell for grupper.

PEISESTOVA

Veldig spesiell historisk atmosfære datert tilbake til slutten av 1800-talet, perfekt til små selskap og bursdagar opptil 12 personar.

LAKSESTOVA

Eit tema-rom med masse historie frå Gloppenelva og laksefiske. Dette er eit lyst og triveleg rom som kan nyttast til både møterom og selskapslokale. Møte og selskap opptil 16 personar.

TOPP FOSS

Ny flott konferanse og selskapsavdeling av året. Her inne har vi både dans og store middagar. Plass til 160.  

KJELLAREN

Dette er hotellet sin eigen pub og dansestad. Kjellaren er open ved arrangement og enkelte helgar.

TELTET

Det flotte kvite teltet står i hagen heile sommarsesongen. Ypperleg til selskap og bryllup. Plass til 110.

HAGEN

For avslapping, grillfestar og bryllaupsmottaking. Hotellet sitt hageanlegg vart fornya sommaren 2001 med steinskifer og hekk som gir det heile ein fin ramme. I 2003 vart det satt opp stakittgjerde rundt hagen som vender mot vegen. I 2007 blei det sett opp eit partytelt som tar opptill 120 pers, fantastisk til bryllyp og selskaper .Eit 100 år gammalt hengekastanjetre og fleire lønnetre pryder området og visualiserer den lange historia som hotellet har. Her kan du nyte mat og drikke til kveldssola går ned i vest.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Bar
  • Inkludert frokost

Utendørsaktiviteter

Vinteraktiviteter
  • Alpint

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - gratis

Taste Norway

Lokalmat
  • Lokal mat
  • Norsk mat
Restauranter og kafeer
  • Frokost
  • Skjenkebevilgning
  • Hage
  • Lokale matretter
Click to activate
Gloppen, Norway
The latitude and longitude
61° 46' 30" N / 6° 12' 59" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad