Oppstryn

Grande Camping

  • Grande Camping ligg vakkert til ved Oppstrynsvatnet i Oppstryn i Nordfjord, med campingplassar for bubil, campingvogn og telt tett ved vatnet.
  • Grande Camping i Oppstryn ligg idyllisk til ved Oppstrynsvatnet og er eit godt utgangspunkt for naturopplevingar i Nordfjord.
  • Grande Camping ligg idyllisk til ved Oppstrynsvatnet i Oppstryn, omgitt av bratte fjell, brevatn og vakker natur i Nordfjord.
  • Grande Camping ligg vakkert til ved Oppstrynsvatnet i Oppstryn i Nordfjord, med campingplassar for bubil, campingvogn og telt tett ved vatnet.
  • Droneutsikt over Grande Camping ved Oppstrynsvatnet i Oppstryn, omgitt av fjell og den blågrøne fargen frå brevatnet.
  • Utsikt frå Grande Camping over Oppstrynsvatnet og dei majestetiske fjella rundt Oppstryn i Nordfjord.
  • Droneutsikt over Grande Camping ved Oppstrynsvatnet i Oppstryn, omgitt av fjell og den blågrøne fargen frå brevatnet.
  • Droneutsikt over Grande Camping ved Oppstrynsvatnet i Oppstryn, omgitt av fjell og den blågrøne fargen frå brevatnet.
  • Besøk nettsiden

  • 971 69 709

  • Grande

    Stryn, Vestland

    Vis i kart

Her, midt mellom breen, fjella og vatnet, vil den som søker fred, ro og enkle forhold finne seg vel tilrette.

Grande Camping ligg idyllisk til ved Oppstrynsvatnet i Oppstryn. Vatnet er kjend for den vakre blågrøne fargen frå brevatnet som renn ned frå breane i dei bratte fjella rundt. Campingplassen ligg heilt nede ved vatnet og har ei lang strandlinje som passar godt for bading, padling og båtturar.

Grande Camping tilbyr campingplassar både for drop-in og faste plassar for bubil, campingvogn og telt.

Campingen har vore i drift gjennom fem generasjonar av familien Erdal Nesje sidan tidleg på 1960-talet. Det starta med utleige av enkle plassar, og har sidan utvikla seg til moderne sanitærbygg med kjøkken, vaskerom, handikaptoalett og toalett med dusj som gjestane kan nytte.

Bygdemølla, som frå 1932 til 1962 produserte mjøl til heile bygda i Oppstryn, er no restaurert og teken i bruk som kafé for både gjester og besøkjande. Her får du enkel matservering og resepsjon for campingen. Mølla har framleis spor etter den gamle mjølproduksjonen – både kvernesteinen og tørka er ein del av interiøret og kan sjåast av gjestane.

Campingplassen er eit godt utgangspunkt for å oppleve den flotte naturen i Nordfjord. Herfrå kan du ta dagsturar til mellom anna Stryn Sommerski, Geiranger, Loen Skylift, Lodalen og Briksdalen, eller gå fjellturar i nærområdet som Erdalen, Sigdestad, Glomsdalen og Sunndalen.

Grande Camping har sesong frå mai til oktober.

Kilde: Nordfjord