Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Svelgen

Gravrøysene i Botnane

Dei fire store gravrøysene i Botnane er av dei fremste og best bevarte kulturminna frå bronsealderen i Noreg.

I 2021 vart gravrøysene skilta og gjort meir tilgjenglege for folk. I samband med det arbeidet ynskte Botnane og Årebrot grendalag at heile gravrøyslandskapet Botnane-Årebrot vart sett i ein heilskap.

Det vart ei kulturminneløype med fem skilt, som fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylke opna i Botnane 30. mai 2021.

På strekninga Botnane–Årebrot vart det i 1956-57 registrert vel 40 gravrøyser frå bronse- og jarnalderen. I sør ligg gravrøysene som perler på ei snor langs leia.

Alle gravrøyser og andre kulturminne eldre enn reformasjonen (år 1536) er automatisk freda, som ein del av den felles kulturarven vår. Fredringa av kulturminne var den fyrste lova det norske Stortinget vedtok i 1905.

På slutten av 1960-talet kom dei fire store gravrøysene i Botnane inn på ei eksklusiv liste. Då vart det laga ei landsomfattande innstilling med høgt prioriterte fortidsminne, som skulle sikrast betre for framtida. Det vart valt ut monument på høgt internasjonalt nivå. Sikringa skulle skje gjennom utvida freding og restaurering.

Men denne innstillinga vart ikkje gjennomført fordi vi fekk plan- og bygningslova som gjorde det mogleg å regulere og sikre areal med fortidsminne. I dag vert fortidsminne kalla automatisk freda kulturminne.

Fem skilt langs vegen
Det står tre skilt i Botnane; i Nordbotnen, Sørbotnen og på Opnarhella. Lenger sør på strekninga Storevika–Årebrot ligg det over 30 gravrøyser på berre åtte kilometer. Der er det skilt i Seljestokken, ein gard med heile ti gravrøyser. Det siste skiltet står i kaiskuret på Villevika ved enden av bilvegen.

Vi fortel òg om konservator Per Fett, som gjorde det grundige registreringsarbeidet med røysene her i 1956-57. Det er ein del av storarbeidet hans med å kartlegge busettinga av Vestlandet.

Til slutt fortel vi om arbeidet og dugnadane med å gjere desse viktige kulturminna lettare tilgjengelege for folk i dag. Kulturminna som vi tek for oss, er hovudsakleg frå bronse- og jarnalderen, men vi er også innom andre periodar

Last updated: 10/12/2023

Source: Nordfjord

Gravrøysene i Botnane

Sider du nylig har besøkt