Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Ålesund

Greg Niemczuk: Romantikkens høydepunkter // Parken kulturhus i Ålesund

Bestill

Den polske meisterpianisten Greg Niemczuk begeistrar publikum over heile verda.

Greg Niemczuk treng vel knapt nokon nærare presentasjon for publikummet i Ålesund! Den polske meisterpianisten har gjesta Parken kulturhus både i 2019 og 2022. Konsertane vart godt mottekne av publikum og han fekk sterke oppmodingar om å komma tilbake. Og no er han her igjen! Denne gongen er det dei store romantiske komponistane frå 1800-talet Greg skal tolka for oss.

Greg Niemczuk har dei siste 14 åra spelt over 400 konsertar i 31 ulike land. Sjølv om Greg turnérer heile verda rundt – spesielt i Kina, Japan og Sør-Amerika - har han fått ei heilt spesiell tilknyting og kjærleik til Noreg. Han får stadig større fotfeste her i landet. Kvart år gjennomfører han 2 større turnear her i landet. Uoffisielt er han den mest turnerande pianisten her i landet og han kallar Noreg for sitt andre fedreland!

Overalt der Greg speler blir han invitert tilbake. Hovudgrunnen er naturlegvis at han er ein så eineståande begava og dyktig pianist, men også fordi han er ein så hyggjeleg gut: vennleg, open, utettervendt, alltid smilande, begeistra, glad i menneske, beskjeden og takksamt for alt – elska og høgt respektert kvar enn han kjem. Ein stor personlegdom med eit vinnande vesen!

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Greg Niemczuk: Romantikkens høydepunkter // Parken kulturhus i Ålesund

Bestill

Sider du nylig har besøkt