Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Tokke

Grimdalstunet

  • Borsævegen 395 A, Tokke
  • +47 35 06 90 90
  •  /  km From You
Overview
Details

Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå 1600-talet som idag er museum med kunstgalleri. Anne Grimdalen testamenterte meir enn 250 skulpturar til dette føremålet før ho døydde. Garden Grimdalen har det einaste tunet i Telemark som er intakt frå naturalhushaldet si tid, 10 hus + gardskvern, og alle står på sin opphavlege plass.

I salsutstillinga 2017 visar Grimdalstunet kunst av Maiken Kavli, Nøtterøy, Sigmund Olsvik, Oslo, Ellen Kalvig, Suldal, Anne Kristine Thorsby, Lillehammer, Lenka Rochovanska, Tsjekkia Les meir om utstillarar

Opningsarrangement fredag 26.mai 2017 kl 18:00

I sesong er det faste omvisingar kl 12.00, 14.00 og 16.00

Litt om Grimdalstunet Fjellgarden Grimdalen ligg 630 m.o.h. Vi er ikkje eit vanleg museum, som samlar gjenstander. Vi tek vare på den gamle fjellgarden med 10 hus og gardskvern. Det eldste huset er frå seinmiddelalder og det yngste oppset i 1850. Bygdetun finst det i mange bygder, men det unike med Grimdalstunet er at ingen av bygningane på garden er tilflutte frå andre stader. Alt er grodd opp etter trong. Garden, tunet og bygningane er såleis autentiske. Dei gamle husa er samla rundt eit større tun. Tunet og husa er tekje godt vare på. I den eine enden av tunet ligg Galleriet. Tunet er særs triveleg og har fleire gode sitjeplassar. Frå tunet går det ein godt opparbeid turstig som har plakatar med informasjon om dyre- og planteliv. Grimdalstunet ligg ca 9 km frå Dalen ved riksveg 45. Riksveg 45 går frå Dalen – forbi Grimdalstunet og over til Setesdal. Det er ein del av Suleskarsvegen over til Stavanger.

Heimen til Anne Om sumaren er det omvisning i Gamlestoga, der Anne budde i oppveksten. Folk  får sjå korleis Anne livde og korleis livet var på ein fjellgård for 100 år sidan. Nesten alt av inventar er slik det var då Anne voks opp. Dei som vitjar tunet, gjev ofte uttrykk for verdien av å sjå oppvekstsvilkåra til kunstnaren – for så å ha omvising inne i Kunstgalleriet.  

Anne Grimdalen (1899 - 1961) Bilethoggaren Anne Grimdalen vart fødd i 1899 på garden Grimdalen i Skafså i Tokke kommune. Ho voks opp i ein syskenflokk på 10. Som ung jente reiste Anne til Oslo. Ho gjekk på fyrst på Kunst- og Handverkarskulen og seinare Kunstakademiet. Samstundes måtte ho jobbe som hushjelp for å klare seg økonomisk. Ungjenta frå utkant-Noreg klarte å slå gjennom i kunstnar miljøet i Oslo. Det er nesten utruleg at ei ung jente med telemål, kristent livssyn og lite pengar klarte å få gjennombrot som kunstnar. Det skjedde i 1938. Då vann Anne konkurransen om utsmykking av Oslo Rådhus og blei landskjend. Anne er og kjend for dei mange barne- og dyreskulpturane ho har laga. Anne Grimdalen døydde i Oslo - 61 år gamal. Ho var ugift. Etter hennar død blei det bygd eit Galleri på garden Grimdalen der ho voks opp. Galleriet opna i 1973 og her er mange av skulpturane hennes samla. Kunstmålar Henrik Sørensen kalla Anne Grimdalen for Eventyrjenta i norsk kunst. Det seier vel det meste om kva slags frodig person Anne Grimdalen var.

Her kan du lese ein artikkel frå Magasinet Norske Hjem om Anne Grimdalen og Grimdalstunet.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guiding
  • Natursti

Planlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - gratis
  • Parkering - gratis

Aktiviteter

Shopping
  • Kunsthåndverk

Opening hours

1. jan 2017 - 31. des 2017: man tirs ons tors fre lør søn 00:00 - 23:59
25. jun 2017 - 15. aug 2017: tirs ons tors fre lør søn 11:00 - 17:00
See All

Facts

Landscape
Forest area
Click to activate
Tokke, Norway
The latitude and longitude
59° 24' 28" N / 7° 56' 59" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad