Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Seljord

Grunningsdalen på sykkel

  • +47 35050400
  •  /  km From You
Overview
Details

Køyreavstand: Brøløs - Lakshøl: 2,9km. Lakshøl-Reinstaul: 4,6 km
Bompengar: 35 kr
Sykkeltid: ca 1 time
Vegdekke: Grus
Nivå: Lett


Bjørgenuten ligg ytterst på Lifjellplatået - rett opp for Seljord sentrum. Frå Grunningsdalen ligg mellom Lifjell og Mælefjell, i austleg retning frå Seljord.
Køyr E134 mot Flatdal, og ta av mot Grunningsdalen like etter det gamle Lakshøl sagbruk. Sykkelturen kan gjerne starte etter ein har kome opp dei bratte bakkane, t.d. på parkeringslomma før Reinstaul.
Grusveg heile vegen. Vegen er god og med liten stigning. Siste del av vegen nokså steinut. Vegen ligg meir eller mindre parallelt med Grunnåi som delvis går i bratte stryk, men innimellom har rolege, fine parti. Grunningsdalen er ein typisk udal mellom Mælefjell og Lifjell. Tradisjonen vil ha det til at det har vore busetjing i denne fine dalen langt attende i tida, men så kom pesten og la dalen øyde. Seinare blei det støling, skogsdrift og veiding, men ferdselsåra gjennom dalen blei nytta heilt fram til sist århundre.
Det har ikkje budd folk fast i dalen sidan Svartedauden, men ein finn fleire tufter og restar etter tidlegare faste busetjingar. I dag er det fleire som har hytte i dalen eller nyttar gamle staular som rekreasjonsstad. Mykje lokalhistorie og gamle segner er knytt til hendingar i tidlegare tider, bl.a. om Guro Heddelid.

Smylimoen: Eit uvanleg fint område ved Grunnåi med merke etter eldgamal busetjing attende til jernalderen. Gravhaug og gravrøyser i nærleiken av bustad. I dei seinare hundreår er plassen bruka til tradisjonell staulsdrift. Elvesletta ved Smylimoen er rik på formelement som gamle elveløp og flaumløp. I samanheng med elvesletta ligg det ei gjengroingsmyr.

Handklauvsteinen: Ein skarp stein på Handklauvmoen der det også er ein del røyser som kan vera restar etter gamalt buområde. Namnet kjem av at to fangar som rømde frå lensmannsgarden Årstaul slo av seg handklauven (handjerna) på denne steinen. Steinen ligg omlag 50m frå Årstaulbekken på øvre side av Grunningsdalsvegen.

Sigridsnes: Her er det tydelege tufter etter middelalderbruk.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Generelt

Landskap
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Hele året

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Langrenn
  • Kultursti
  • Jakt og fiske
Sykling
  • Sykkelrute/-tur
Click to activate
Seljord, Norway
The latitude and longitude
59° 29' 2" N / 8° 37' 38" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad