Stord

Gruvemuseet Litlabø

Bestill
  • Espen Brask Nordfonn
  • Espen Brask Nordfonn
  • Espen Brask Nordfonn
  • Espen Brask Nordfonn
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 99499457

  • Gruva 11

    Stord, Vestland

    Vis i kart

Eit gruvemuseum utanom det vanlege – midt i Sunnhordland! På Litlabø på Stord kan du bli med gruvetoget inn i fjellet og oppleve historia til Stordø Kisgruber, der det vart utvunne svovelkis i over hundre år.

Historien bak gruveeventyret på Litlabø

Gruveeventyretpå Litlabø starta i 1865 og vart avslutta i 1968. Gruvemuseet på Litlabø er etablert til minne om samfunnet som eksisterte under A/S Stordø Kisgruber.

Litlabø, eller Gruo som dei seier lokalt, har svært mykje historie å by på. Både geologisk, teknisk, sosialhistorisk, - og ikkje minst med godt bevarte bygningar og gruvegongar.


Dette kan du oppleve på Gruo


Her er kan du sjå det karakteristiske sjakttårnet og heishuset som vart bomba i eit sabotasjeoppdrag under 2. verdskrig.

På Litlabø finn du og flotte grøntareal og ein arbeidarbustad med autentiske møblar som viser korleis folk budde under gruvetida.

Gruo er med andre ord ein svært spennande stad å besøke for store og små!

Opningstider sommaren 2025

Det blir omvisningar sommaren 2025 i perioden 2. juli - 10. august (ope onsdag - søndag mellom kl 1015 og 1645)!

Følg med på nettsida til gruvemuseet!



Omvisingar utanom sommarsesongeng:


Venelaget for Gruo har gjort ein enorm dugnadsinnsats i gruveområdet gjennom mange år. Venelaget gjennomfører guiding for skuleklassar, barnehagar og private grupper i perioden medio august til medio juni.

For omvisingar utanfor sesong, ta kontakt via telefon eller e-post.

Kilde: Region Sunnhordland