Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stord

Gruvemuseet Litlabø

  •  /  km From You
Overview

Gruvemuseet på Litlabø er etablert til minne om samfunnet som eksisterte under A/S Stordø Kisgruber.

Svovelkis vart utvunne i området frå 1865 til 1968. Då stoppa drifta grunna vanskelege avsetningstilhøve, men framleis er det mykje svovelkis att i fjellet.

Litlabø, eller Gruo som dei seier lokalt, har mykje historie å by på, både geologisk, bygningsmessig, teknisk og sosialhistorisk. I den gamle smia er det utstilt ein del mindre gjenstandar frå gruvedrifta, saman med ein del foto og to flotte modellar av gruveområdet og utskipingskaianlegget ved Sagvåg.

Den restaurerte arbeidarbustaden i gruveparken er innreidd med originalt inventar frå heimar i Gruo og syner korleis ein vanleg gruvearbeidarfamilie levde på 1950-talet.

Venelaget for Gruo har ved iherdig dugnadsinnsats sett i stand og lagt til rette fleire element for spennande opplevingar: På sporvidde 600 mm køyrer det vesle gruvetoget, og det nydeleg restaurerte lokomotivet "Geito" trekkjer vogner med besøkjande 250 meter over uteområdet og eit stykke inn i fjellet.
Jernbanen er det levande bindeleddet mellom mange av dei gamle bygningane som enno står att i Gruo.

Bli med på spennande vandringar inne i dei tronge gruvegangane i fjellet, kombinert med føredrag og soger om arbeidsmetodar og gruveslusken sin kvardag.

Heishuset, som i si tid romma maskineriet for sjaktheisen, er omgjort til utstillings- og forsamlingslokale.
Her har mellom anna det originale aggregatet frå Børtveit kraftstasjon fått plass, eit komplett anlegg frå 1921 med turbin, generator, regulator og kontrolltavler. 

Det var Stordø Kisgruber som bygde og åtte kraftstasjonen. Sjakttårnet frå 1928 er under renovering.

1.mai er open dag på Gruvemuseet kvart år.

Venelaget for Gruo tek imot grupper etter avtale.
Tlf.: 994 99 457
E-post: stiger@gruo.no.

Meir informasjon: www.gruo.no


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Stord, Norway
The latitude and longitude
59° 47' 28" N / 5° 25' 14" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad