Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

stryn

Gryta

Gryta

Høgt over Stryn! Om du står på toppen av Gryta, er du - for ein augneblink om ikkje anna - høgast av alle i Strynebygda.

Ein fin sti i motbakke, frå parkeringsplassen på Bøasetra. Turen endar på eit spektakulært utsiktspunkt med ei bratt fjellside som gir sommarfuglar i magen.

Populær rute som lenge går på tørr, fin og barnevenleg sti. Først opp ein bratt kneik ovanfor sætra til ein kjem over tregrensa, så i slak stigning mot søraust, før ein dreier nordaustover langs med ei hylle midtvegs i fjellet. Til slutt dreier ein sørover opp ei noko bratt stigning, før ein når toppen. Ulendt å gå nokre stadar. Ruta er merka med raude prikkar heile vegen.

Eineståande utsiktspunkt finn ein på ca 960 m.o.h. rett sør for toppen. Lokalkjende brukar av og til den alternative ruta opp "Marakråna", som går langs ein luftig og smal fjellsti opp mellom skrentar og stup på sørsida av fjellet.

Ein tredje variant er å legge turen om Bubergskaret nord for toppen (ruta lengst mot venstre på veg opp). Denne ruta er også merka med raude prikkar. Denne ruta er slakare og litt lenger. Denne ruta har den beste stien.

Same startpunkt for alle rutene. Stien til Bubergskaret tar av til venstre rett etter toppen på skiheisen. Stien til Marakråna tar av til høgre litt lenger oppe. Denne stien er ikkje merka.

Last updated: 08/14/2023

Source: Nordfjord

Gryta

Sider du nylig har besøkt