Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Valldal

Gudbrandsjuvet Camping

Gudbrandsjuvet Camping i Valldal
Glampingteltet ligger fint til på campingplassen.
Teltplass med utsikt mot elva.
Koslig Campingplass ved Gudbrandsjuvet i Valldal.
Kos deg i et Glampingtelt hos Gudbrandsjuvet Camping.
Teltplasser og hygge ved bålpanne.
Felleskjøkkenet på campingplassen har gode fasiliteter.

Camping ved Gudbrandsjuvet i Valldal – med hytter, glamping og teltplassar nær elv, foss og fjell, midt mellom Trollstigen, Valldal og Geiranger.

Camping nær Trollstigen og Gudbrandsjuvet i Valldal

Gudbrandsjuvet Camping ligg rundt garden Alstadsæter Oppigarden i Valldal – ein liten og triveleg campingplass med roleg atmosfære, omgitt av mektige fjell og elvesus. Her bur du tett på naturen, med elva Valldøla og fossen Gudbrandsjuvet som næraste naboar - i hytte, telt, glampingtelt eller bubil – med kort veg til Trollstigen, Valldal sentrum og Geiranger.

Overnatting for alle – frå glamping til telt

Campingplassen har eit breitt utval av overnattingstilbod i vakre omgjevnader:

8 enkle campinghytter (ca. 9 m²), med sengeplassar til 2–4 personar, kokeplate, kjøleskap, straum og Wi-Fi

2 glampingtelt med komfortsenger, kjøleskap, lys, varmeovn og bålpanne – med utsikt mot fossen

Over 30 oppstillingsplassar for bubil og campingvogn med straumtilgang

Stort område for telt og hengekøye med tilgang på bålpanner

Felleskjøkken med steikeomn, mikro, kjøleskap/frys og kaldt/varmt vatn

Sanitæranlegg med nye dusjar og toalett (2024) – dusj er inkludert i prisen

Friluftsliv og opplevingar i Valldal

Gudbrandsjuvet Camping ligg perfekt til for deg som vil utforske Valldal og omegn. Her kan du gå fotturar i nærområdet, fiske i Valldøla eller følgje pilegrimsruta Valldalsleden. Kort veg til spektakulære attraksjonar som:

Trollstigen (20 min)

Valldal Aktivitetspark (10 min)

Geiranger (1 time)

Tafjord Friluftsbad (30 min).

Valldal er og kjent som jordbærbygda, og midtsommars kan du smake dei søtaste bæra i landet – rett frå gardane. Med Uteguiden kan du bli med på guida aktivitetar som elverafting, juving og kajakkpadling – perfekte måtar å kome tett på naturen i dalen. Her kan du også bli med på fjellturar i spektakulært terreng, frå skog til tind.

Eller nyt roa ved fossen, ein kopp spesialkaffe på Gudbrandsjuvet Café – og lyden av elva som renn forbi.


Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Gudbrandsjuvet Camping

Sider du nylig har besøkt