Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Olden

Guida el-sykkeltur i Olden

Bli med Fjellvåk guiding på EL-sykkeltur for å utforske vakre Olden! Dei vil gjere det beste for å gi deg ei unik naturoppleving med fokus på lokalhistorie. Olden er ei lita bygd inst i Nordfjorden med mange skjulte naturperler. Bli med for å utforske kva dette område har å by på! Fjellvåk Guiding brukar kvalifiserte naturguidar som brenn for å vise fram naturen vår og ta godt vare på deg som gjest.

Bli med på vår guida el-sykkeltur i Olden forbi historiske bygg, flotte fossefall og vakker utsikt over fjord og fjell. Med El-sykkel blir turen ein behagelig reise i dette vakre fjordlandskapet. Vi vil stoppe undervegs på dei mest spektakulære plassane for å fortelle historier frå området. Dette er ein fantastisk måte å oppleve Olden.
Informasjon
Kven kan bli med:
• Må ha grunnleggande sykkelferdigheiter.

Pris:
• 1000 NOK

Varigheit:
• 2 timer

Inkludert:
• Lokal guide
• el-sykkel
• hjelm

Ta med:
• Solbriller
• Gode sko (for eks. Joggesko eller tursko)
• Drikke
• Vindtett jakke

Antall deltakarar:
• 10 Personer

Aldersgrense:
• 13 år

Last updated: 03/22/2024

Source: Nordfjord

Guida el-sykkeltur i Olden

Sider du nylig har besøkt