VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland VOSS

Guida historisk vandretur til Sverrestigen - Wild Voss

  • Raundalsvegen, Voss
  •  /  km From You
Overview

Bli med på ein sprek vandretur i historiske omgjevnader!

Turdetaljar:
- Samla distanse: Om lag 9 km.
- Estimert tidsbruk: Om lag 4-5 timar vandretid, avhengig av rutevalg.
- Samla stigning: 600 meter.
- Turgradering: Moderat til krevjande (raud).
- Familievenleg: Ja, for born som har fylt åtte år.

Om turen:

Raundalen er eit 25 kilometer langt dalføre som startar ved Rastalii aust for Voss og strekk seg heilt til Upsete. Med sin ville natur og interessante historie er denne dalen eit ideelt turområde. Rett og slett ei perle, berre nokre få minutt frå Voss!

Hausten 1177 kjempa kong Sverre Sigurdsson og hans hær av Birkebeinarar seg austover frå Voss. Dei flykta frå bondehæren som stogga krigstoktet deira. Ruta som Sverre og hans menn tok for å berge livet fekk namnet Sverrestigen. Ei spektakulær, løynd rute ved starten av Raundalen!

Denne historiske vandreturen startar med at vi tek lokaltoget til Kløve. Etter ein halvtime står vi ved starten av Sverrestigen. Stien er bratt og kan nok synest avskrekkjande ved første augekast. Det finst ôg ein enklare sti vi kan bruke hvis motet sviktar eller forholda er for krevjande.

Vi bestiger Klyvsnolten (730), toppen over Rastalii. På Klyvsnolten tek vi ein vel unt matpause med utsikt: eit herleg 360° panorama over Vossafjella. Etterpå held vi fram i retning av Fjosstølen, som er eit idyllisk stølsområde. Derifrå ruslar vi ned gjennom skogen mot Kløve, på det som var den gamle Raundalsvegen. Returen er udramatisk, men viser kor bøndene stod oppstilt for å blokkere kong Sverre sin retrett.

Fra Kløve returnerar vi til Voss med tog.

​Sesong:
Daglege turar i perioden 20.mai til 31.oktober.

​Praktiske detaljar:
Vi møtast på vårt kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé, ved Torget, kl 9.30. Der helser vi på kvarandre og går gjennom bekledning og utstyr før vi set kurs mot toget som tek oss til startstedet.

Vi er attende på stasjonen på Voss ca kl 15.30. Turen tek om lag 5 timar, avhengig av rutevalg.

Krav til deltakarar:
Denne turen går i terreng med varierande vanskegrad, i hovudsak skogterreng. Hvis forholda tillet, går vi opp sjølve Sverrestigen i bratt og ulendt terreng. Her er det greit å ikkje vere høgderedd. Du bør vere i nokonlunde god turform og ha gått på tur utanfor stiar før. Vanskegraden kan tilpassast gruppas ønsker.

Naudsynt bekledning og utstyr - på turen treng du dette:
- Gode sko eller støvlar til vandring i skog
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Ei ekstra ulltrøye.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar er ein god idé.
- Lue eller caps.
- Drikkeflaske og litt tursnacks.

Prisar og vilkår:

Prisen for vaksne er kr 1450 per person. Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 990 per person. Merk at det er minimum 24 timars førehandsbestilling. Ta gjerne kontakt med oss ved siste-liten forespurnader.

Gruppestorleik: 1-10 deltakarar.

Inkludert i prisen:
- Følgje av ein erfaren, fleirspråkleg guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Togbillettar frå Voss til Kløve, t/r.

Ikkje inkludert i prisen:

Tog eller annan reisemetode til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du dei gjeldande kjøps- og avtalevilkår. Desse er oppdaterte i tråd med koronaviruset. ​

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår.

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.
- Maksimal gruppestorleik er 5 personar, inkludert guiden.
- Deltakarar må køyre eigen bil til startstaden eller ordne transport sjølv.
- Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.
- Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.
- Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.
- Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.
- Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet.

For reservasjon, spørsmål og anna:
Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no .


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages