Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Davik

Guida kajakktur frå Kalvåg - Norway AdvenTURes

Bestill

Opplev spektakulær kystnatur i Bremanger når du padlar mellom holmar og skjer saman med Norway Adventures. Her kan du virkelig få utforske kysten frå kajakken.

Bli med på guida kajakktur med Norway AdvenTURes frå fiskeværet Kalvåg. Opplev spektakulær kystnatur i Bremanger når du padlar mellom holmar og skjer. Her kan du virkelig få utforske kysten frå kajakken. Sjå på fiskane under deg, opplev mestringsfølelse av å ha full kontroll over kajakken din. Kanskje du til og med vil få auge på ein ørn eller ein sel? 

Turen startar frå det sjarmerande fiskeværet Kalvåg. Du padlar mellom fargerike rorbuer, og ut i havgapet. Vatne er krystallklart, noko som gir ein fin kontrast til den kvite sanden frå små sandstrender rundt om på dei mange små øyane og holmane. La deg fortrylle av tareskogen under kajakken. Guiden delar gjerne sin kunnskap om historia til sildefiskets storheitstid i Kalvåg, floraen og faunaen rundt om på øyane. 

Denne turen er ein lett tur som passar for både vaksne og born, og du treng ingen erfaring for å delta. Guiden går gjennom teknikk og sikkerheit før avreise, og sørgar for at du får ein gøy og trygg oppleving. 

Norway AdvenTURes ønskjer å bidra positivt til at alle (også dei neste generasjonane) kan nyte naturen, og ønskjer å jobbe aktivt mot forsøpling. Om ønskjelig, og om det lar seg gjere med tanke på tid og stad, er det mogleg å flette inn eit lite stopp for å rydde ein holme for søppel og plast. Dette blir levert til eit egnet stad etter turen. 

 

Kilde: Visit FjordKysten

0

Guida kajakktur frå Kalvåg - Norway AdvenTURes

Bestill

Sider du nylig har besøkt