Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Flora

Guida tur på Svanøy

  • Svanøybukt, Flora
  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview
Details

Opplev historiske Svanøy! På denne turen får du guida omvising på historiske Svanøy Hovedgård, og besøke Norsk Hjortesenter, der du får oppleve hjorten på nært hald.

Opplev historiske Svanøy!

Frå Florø seglar lokalbåten gjennom eit storslått landskap til Svanøy. Svanøy, kjent som "Sunnfjords perle", er den sørlegaste og frodigaste øya i Flora kommune. På ein guida tur på Svanøy får du nærkontakt med hjorten på Norsk Hjortesenter. Kjekt for både liten og stor! Svanøy si historie er mangfaldig og på den guida turen får du omvising på vakre Svanøy Hovedgård som gjennom tida har vore både adelssete og bispegods. Svanøy er kjent for å produsere hjort og laks av høg kvalitet. Etter den guida turen kan du nyte eit herleg måltid med lokale råvarer. Guida turar går fast på sommaren og blir tilbydt på førespurnad resten av året. 
​​​​​
GUIDA TUR PÅ SOMMAREN
Frå midten av juni til midten av august kan bli med på omvising på Norsk hjortesenter og Svanøy Hovedgård. Transport frå Svanøybukt til Norsk Hjortesenter og Svanøy Hovedgård er inkludert i billetten. Båtbillett tur/ retur Florø kjem i tillegg og må kjøpast om bord i lokalbåten. 

REISEFORSLAG
10.00                   Avreise med lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø
10.50                   Ankomst Svanøybukt
Moglegheiter for å handle på Svanøy Handel
11.00                   Transport frå Svanøybukt til Norsk Hjortesenter
11.30 – 12.15      Omvising på Norsk Hjortesenter
12.30                  Transport til Svanøy Hovedgård
13.00 – 13.45     Omvising på Svanøy Hovedgård
13.45 – 14.00      Vandring frå hovedgården til Svanøybukt
14.00                   Moglegheiter for å kjøpe lunsj på Svanøy kro
15.20                   Avreise med lokalbåt frå Svanøybukt
15.50                   Ankomst Florø


GUIDA TUR RESTEN AV ÅRET
Guida turar kan bestillast gjennom heile året på førespurnad. Bistro to kokker kan lage eit opplegg som passar til ønska dine. Ei skreddarsydd oppleving kan mellom anna innehalde:
- omvising på Norsk Hjortesenter
- omvising på​​​ Svanøy Hovedgård
- middag på Svanøy Hovedgård med lokale råvarer
- transport på øya
- overnatting på Svanøy Hovedgård
- møterom med plass til 140 på Norsk Hjortesenter

Du kan lese meir om skreddarsydde opplevingar på Svanøy her. Ta gjerne kontakt med Terje Andersen i Bistro to Kokker for meir informasjon og bestilling. E-post: terje@tokokker.as. Telefon: 404 02 490. 
 

SVANØYBUKT
Svanøybukt er ein møteplass for både feriegjester og dei lokale innbyggjarane. Her finn du gjestehamn med straum, landhandel og kro. På landhandelen kan du få gratis kart over øya og leige sykkel. Ein sykkeltur på den frodige øya er ei flott oppleving! Ring gjerne til 5774 0029 for å reservere sykkel på førehand. Like ved landhandelen ligg Svanøy kro. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Historisk vandring

Planlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Lunsj

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad