Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Guida tur til Besshovden, Fjærland

Besshovden, Fjærland

Besshovden - Perfekt familietur med nydeleg utsikt over brebygda Fjærland

Denne turen er ein lokal favoritt. 

Turen startar på Berge (utsiktspunkt til Fjærlandsfjorden). Her går ein ca 100 meter ned mot sjøen før ein svingar av til venstre, opp ein bratt bakke. Følg traktorvegen opp til ei raud hytte, der står skilt til Besshovden. Frå hytta er det merka sti til utsiktspunktet på ca 600 moh. Stien er lett og fin med jamn stigning. Dette er ein lett tur for heile familien med nydelig utsikt over Fjærlandsfjorden og ned til Mundal. 

Startpunkt Berge 200 moh 

Besshovden 600 moh 

Tid 2-3 timar tur-retur

Vanskelighetsgrad: Lett til medium. For folk som er vant med å vandre i fjellet er turen enkel. For de med mindre erfaring er turen moderat.

Utstyr å ta med: Gode vandresko/fjellsko, hansker, solbriller, solkrem, mat og drikke, vin/vanntette klær og ryggsekk. Ein skal kle seg etter vind og vær, følg med på vermeldinga.

Viktig. Guiden har alle rettigheiter til å kansellere turen om det skulle mangle utstyr, ferdighetsnivå eller om vind og ver ikkje tillater turen.

Kilde: Visit Sognefjord AS

Guida tur til Besshovden, Fjærland

Sider du nylig har besøkt