Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Sognefjorden Aurland

Guida tur til Breiskrednosi

  • +47 93484041
  •  /  km From You
Overview
Details

La ein av våre erfarne guidar ta deg med på tur til Breiskrednosi som ruvar 1189 meter over Nærøyfjorden.

La ein av våre erfarne guidar ta deg med på tur til Breiskrednosi som ruvar 1189 meter over Nærøyfjorden. Frå toppen er det fantastisk utsikt til Nærøyfjorden, som er på verdsarvlista til UNESCO. 

Send mail til post@wildvoss.no for å bestilla!

​Detaljar - Breiskrednosi:

Lengde på turen: 15 km

Antal høgdemeter på turen: 1100 meter

Varigheit på turen: 7-8 timar inkludert pauser

Vanskegrad: Moderat. Eit par bratte parti og snøflekkar. Plassen er vêrutsett.

Passar for: Dei over 12 år.

Møtestad: Ved parkeringsplassen ved Breidalen, ikkje seinare enn klokka 9.00.

Pris: 1290,- per person. Prisen inkluderer guiding og litt snacks.

Transport: Begrensa. Spør oss om moglegheit for transport når du bookar turen. Ekstra kostnad på minst 150 kroner per person.

​​Turprogram:​​​​​​

Etter ein times køyring frå Voss kjem me til Jordalen og garden Breidalen. Her startar me turen, og går på umerka sti austover. Me kjem oss opp i høgda mot Vardane, og kryssar Rimstigfjellet før me kjem til Breiskrednosi. Her er det berre å nyta den luftige utsikta!

Sesong og tilgjengelegheit:

Vi har daglege avgangar måndagar og onsdagar i sommar. Me har også turar på førespurnad.

Fysiske krav:

Turen passar for friske, spreke folk med litt erfaring frå fjellvandring.

Naudsynt utstyr:

Gode fjellsko, vanntette klede (gjerne skallklede), ein ekstra overdel, ein ekstra genser, lue, vottar, solbriller, solkrem, lunsj og vatnflaske. Stavar er anbefalt.

Korleis koma seg dit:

Følg E16 frå Voss og mot Gudvangen. Etter kring 40 minutt (37 kilometer), ta til høgre opp til Jordalen (skilta). Sving til venstre like etter avkøyrsla, og til høgre etter 100 meter. Følg den nye tunnelen opp til Jordalen og passer den siste garden (Nåsi). Følg grusvegen i 3,5 kilometer. Hugs å betala vegavgift (50 kr) ved brua. Kring ein time køyring kvar veg til saman. 

 

Alternativ 2 - Skarsnosi:

I plassen for å gå til Breiskrednosi, kan me ta den noko kortare turen til Skarsnosi (1470 moh). Me fylgjer same sti som til Breiskrednosi nokre kilometer før me går sørover. Etter eit bratt parti kjem me opp på ryggen som går mot toppen. Frå toppen får me fantastisk utsikt til fjordlandskapet og toppane rundt.

Detaljar - Skarsnosi:

Lengde på turen: 10 km

Antal høgdemeter på turen: 800 meter

Varigheit på turen: 5-6 timar inkludert pauser

Vanskegrad: Moderat. Eit par bratte parti og snøflekkar. Plassen er vêrutsett.

Passar for: Dei over 12 år.

Møtestad: Ved parkeringsplassen ved Breidalen, ikkje seinare enn klokka 10.00

Pris: 1290,- per person. Prisen inkluderer guiding og litt snacks.

Transport: Begrensa. Spør oss om moglegheit for transport når du bookar turen. Ekstra kostnad på minst 150 kroner per person.


 

 


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guidede turer
  • Vandring

Price

Description Price*
Tur Guida tur 1290,00 1 dag
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages