Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Kinn

Guida tur til Kinn

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

BESTILL GUIDING HER


Opplev Sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia, middelalderkyrkja og den vakre naturen!
Heilt ute i havgapet vest for Florø ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. Den sagnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Ho har seinare vore bygd på og restaurert, og framstår i dag så nær opp til det opprinnelege som mogleg. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord. Kyrkja er frå gamalt av knytt til legenda om St. Sunniva og Seljumennene, men ein meiner i dag at ho vart sett opp av keltarar som gøymde seg frå religionsforfølgjarar.


Dette opplever du


Frå kystbyen Florø seglar lokalbåten mellom øyar og skjer ut til sagaøya Kinn. Guiden møtar deg på kaia og tek deg med på ei stemningsfull vandring til middelalderkyrkja. Det er ikkje mange norske kyrkjer som ligg vakrare til enn steinkyrkja på Kinn. Turen til kyrkja tek om lag 40 minutt i roleg gange langs ein vel 1 km lang grusveg. Undervegs får du mellom anna høyre om dei store sildefiskeria ved Kinn. I kyrkja, som er ei av dei eldste i landet, får du ei spesiell stemningsoppleving. Omvisinga er ei tidsreise der ein får høyre om kyrkja si utvikling, frå 1100-talet og fram til i dag.


Det vil vere mogleg å sjå seg om på øya på eiga hand etter omvisinga. Ein tur opp Kinnaklova, det karakteristiske fjellet og kjente seglingsmerket, er ei flott oppleving.

Overnatting på Kinn
Det er også mogleg å overnatte i det gamle skulehuset på øya, som i dag er eigd av Flora Turlag. Nøkkel får ein til utlån på turistinformasjonen i Florø.


For meir informasjon:
Turistinformasjonen i Florø
E-post: mail@fjordkysten.no
Tlf: 57 74 30 00


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 33' 44" N / 4° 45' 27" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad