Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sørbøvåg

Guida tur til Klemetheia - Porten gard

Ta med nista di ved den idylliske Litjørna og nyt flott utsikt mot havet og øyriket i vest. Guida tur til Klemetheia går gjennom frodige skogslandskap.

Bli med på guida tur til Klemetheia, 290 meter over havet. Turen er 3,5 km på skogsveg og 15 minutt på merka sti i skogsterreng til toppen. Her kan du nyte nista di ved den idylliske Litjørna, med flott utsikt mot havet og øyriket i vest. Turen går gjennom det frodige skogslandskapet der hjorten beitar, og er du heldig får du sjå havørna flyge forbi. Turen tar ca. 2,5 timar.

Etter turen kan du vandre i tun og kulturlandskap før det blir enkel servering i tunet eller inne i det gamle stovehuset. Turen er lett til middels krevjande, men du må kunne bevege deg i terrenget utanfor sti. Det er nokre våte parti. 

Kilde: Visit FjordKysten

0

Guida tur til Klemetheia - Porten gard

Sider du nylig har besøkt