Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Briksdalsbre

Guida tur til Lodalskåpa (2083 moh) | Briksdal Adventure

  • +47 90138308
  •  /  km From You
Overview

Bli med til "Vestlandsdronninga" Lodalskåpa (2083 moh) saman med Briksdal Adventure, midt i Jostedalsbreen Nasjonalpark.


Turbeskrivelse av Lodalskåpa:
Turen opp Lodalskåpa, også kalt ”Vestlandsdronninga” tek deg etappevis frå 600 moh til 2083 moh. Lodalskåpa er høgaste punktet ved Jostedalsbreen, og utsikta frå toppen er ubeskriveleg.

Første etappe på turen tar deg frå Bødalsseter og inn til Fessene. Her møter ein på den første av mange stigningar på turen. Stien går opp mellom 2 fossar, og gjev ein forsmak på neste stigning.


Når ein er komen opp Fessene har ein ca 30 minutt med flat gange før den verkelege prøvelsen på turen dukkar opp: Brattebakken. Denne bakken tek deg 700 høgdemeter i eit strekk, og heiter ikkje brattebakken utan grunn. Idet ein kjem opp på toppen av denne bakken får ein sjå Lodalskåpa der ho ruvar høg og mektig. Dette synet gjev dei fleste ein ny giv til å fortsette vidare. Herfrå går ein eit stykke over snødekt bre, og breutstyr er såleis naudsynt. Etter at Bohrsbreen er kryssa fortsetter ferda opp bakken ved ståleskaret. Her ventar ein ny bre; Skråboren. Denne breen tar oss med vidare oppover mot toppen. Etter denne breen er det litt gåing i stein og ur før ein igjen kjem inn på ein liten bre rett før sjølve toppen. Her lurer nokre bresprekker under snøen.

For å nå sjølve toppen er det naudsynt med litt luftig ”kliving”. Dersom naudsynt kan ein settje opp sikringstau.


Normal tidsbruk på denne turen er mellom 10-12 timar.


Turen kryssar bre, og det er såleis naudsynt med breutstyr og brekompetanse. Lengda på turen er ca 21 km, med bratte stigningar, og egnar seg best for dei med god fysisk form.

Turane går på førespurnad. Min 3 personar. Pris 2015: 1100 kr pr person.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Facts

Effort Level
Expert
Duration
5-12 hours
Season
Summer
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 48' 4" N / 7° 2' 40" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad