VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland VOSS

Guida tur til Oksen i Hardanger - Outdoor Norway

  • Evangervegen 14, Voss
  • +47 45971515
  •  /  km From You
Overview

Denne heildags fotturen opp Oksenuten (1241 m.o.h.) tar deg utanfor allfarvei, inn til nokre av dei vakraste fjella i Hardangerfjorden og tilby ein spektakulær utsikt over fire fjordar frå toppen!

Stien startar i Tjoflot og slyng seg opp gjennom ein vakker, vill skog. Etter ein ganske utfordrande start og ein krevjande stigning, opnar stien seg over tregrensa, kor du startar å få glimt av den spektakulære utsikten du har i vente. Opp, opp, opp, jo høgare du går, desto finare utsikt. Når du når toppen på 1241 m.o.h. belønnast du med 360 graders utsikt over Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden og Granvinsfjorden, samt panoramautsikt over fjellkjedene rundt Voss og Noregs tredje største isbre Folgefonna. Husk å ta med kamera!

Ver oppmerksom på at Oksennuten er ein krevende fottur som forutsett god fysisk form og passande kle og fottøy. Stien klatrar rett opp 990 meter fra parkeringsplassen. Det er ingen farlege passasjer langs stien, men det er to spesielt bratte delar mellom 400m og 600 m og mot toppen igjen på 800m.

Varigheit:
6-7 timar totalt (inkludert transport frå Voss).
Sjølve fjellturen tek kring 5-6 timar.

Sesong:
Frå juli til oktober - turane går klokka 10 onsdager og laurdager

Pris: 800,- per person. Det må vera minst 3 påmelde for at turen skal gå.
Grupper frå 8 til 16 personar: 720 NOK per person, ta direkte kontakt med Outdoor Norway for bestilling av grupper.

Deltagerkriterier
- Minimum alder: 7
- Du må vere i god fysisk form og kunne gå oppover i 3 timer

Kva er inkludert?

- Kunnskapsrik og erfaren guide
- Transport tur/retur Voss
- Ein skikkeleg fjelltur innover i fjordlandskapet på Vestlandet

Ta med:
- Passande fottøy, dvs. gode tursko eller fjellstøvlar
- Liten ryggsekk
- Rikeleg med vatn for heile dagen
- Lunsj
- Solkrem
- Solhatt
- Vanntett jakke
- Varme lag

Oppmøte:
Basen vår er eit telt som står like ved innsjøen Vangsvatnet, attmed Kulturhuset, og rett framføre Fleischer's Hotel, og jernbanestasjonen. 50 meter frå Kulturhuset (bibliotek)

Møt opp her 10 minutt før turen din skal starta.

OBS! Om det er mindre enn 3 personar påmeldt til turen - vil turen verta avlyst. Me tek kontakt med deg, og du får pengane dine attende.

Kontaktinfo Outdoor Norway:

info@outdoornorway.com
Tlf: + 47 97 15 15
+ 47 97 08 73 18

Kontortid: Mandag - Fredag 09.00 - 15.00

Adresse: Evangervegen 14,
Voss

Basen ligg rett ved Vangsvatnet, rett attmed Kulturhuset og nedanfor Fleischers Hotel.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages